Regjeringa sitt ja til gruvedrift i Engebøfjellet sende Nordic Mining til topps på Oslo Børs 10 på topp liste.
Då børsen stengde torsdag kveld var ein aksje i selskapet verd 92 øre. Då dørene opna fredag morgon klokka 0900 hadde aksjekursen stege til 1.90.
- Les også: Lødemel: – Dette er ein merkedag
- Naustdal-ordførar: – Motstanden har gjort prosjektet betre
For nøyaktig eitt år sidan var prisen på ein aksje 81 øre. Det betyr i praksis at viss nokon kjøpte 100.000 aksjar då ville side tilbake med ein vinst på nær 110.000 kroner på eitt år.
- Les også: Venstre: – Slaget er ikkje tapt
Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum reknar med det blir oppstart i Vevring om fire år. Og han garanterer følgjande:
– Eg kan garantere at vi vil overhalde dei vilkår styresmaktene har sett rutilutvinning i Vevring.