– Du dør ikkje av å la vere å kommentere

FLAUTT: – Vaksne bør i større grad spørre ungane før dei legg ut bilde på av dei på Facebook, seier Hermann Schmider (17) frå Naustdal.

FLAUTT: – Vaksne bør i større grad spørre ungane før dei legg ut bilde på av dei på Facebook, seier Hermann Schmider (17) frå Naustdal. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire unge har kleine erfaringar med vaksne og foreldre på Facebook. Les deira råd til dei vaksne.

DEL

Facebook og andre sosiale medium er ikkje lenger berre brukt av ungdommen. Vaksne har slengt seg på Facebook, Snapchat og Instagram – til bekymring for den yngre generasjonen.

Fleire ungdommar har kleine erfaringar med foreldra sine på Facebook, og med god grunn. Det er ganske klart at dei forskjellige generasjonane har ulik oppfatning av kva Facebook skal brukast til. Vi har snakka med nokre ungdommar for å høyre kva dei tenker om dei vaksne sin bruk av Facebook.

– Eg synest det er merkeleg, dei brukar det til å «stalke» gamle kjenningar frå ungdomstida si. Eller så brukar dei det til å stalke ungane sine eller poste innlegg om ungane, seier Hermann Schmider (17) frå Naustdal.

– Ikkje legg ut ein haug med bilde

Ida Marie Huseklepp (16) og Andrea Strand (15) frå Førde meiner dei vaksne burde få bruke Facebook, men at dei bør passe seg så det ikkje blir for pinleg.

– Dei må slutte å legge ut i alt for store mengder. Når du er på tur treng du ikkje legge ut ein haug med bilde for å fortelje heile historia, det held med eitt. Og dei skriv ofte private meldingar på tidslinja. Dei kan skrive sånn «veldig glad i deg» eller «gler meg til å sjå deg» og slikt. Det er sjølvsagt gøy å høyre at nokon er glad i meg, men det kan bli litt flaut, seier dei.

PINLEG: – Viss du har vore på tur, treng du ikkje legge ut ein haug med bilde. Det held med eitt, seier Ida Marie Huseklepp (t.v.) og Andrea Strand om vaksne på Facebook.

PINLEG: – Viss du har vore på tur, treng du ikkje legge ut ein haug med bilde. Det held med eitt, seier Ida Marie Huseklepp (t.v.) og Andrea Strand om vaksne på Facebook. Foto:

Den største utfordringa for mange unge er at foreldra ikkje spør om lov til å publisere foto av ungane. Dei tar det gjerne som sjølvsagt at dei kan publisere bilde av eigne ungar utan å spørje først, men det er ikkje nødvendigvis greitt for ungane, meiner Hermann.

– Dei spør ikkje heller, det kan fort skje at dei finn eit nakenbilde av ungen frå då den var 10 år og berre postar det på Facebook. Det kan påverke dei unge positivt og negativt. Det positive er at ein blir meir anerkjent, det negative er at ein blir anerkjent på feil måte, seier Hermann med glimt i auget.

Les også: – Eg føler at eg må vere tilgjengeleg heile tida

– Det blir fort slik at ein må ta initiativ sjølv for å få sjå og godkjenne bilda. Og det er fort gjort å gløyme, så då endar ein plutseleg med at det ligg fullt av bilde av deg som foreldra dine har lagt ut.

– Burde aldri vore lagt ut

Kleine innlegg på Facebook er kvardagsleg for Hermann, han har ser stadig vekk at foreldre publiserer innlegg som aldri burde sett dagens lys. Men av alle dei flaue innlegga han har sett, er det eit han måtte gni seg litt ekstra i auga på.

– Det var eit gammalt bilde av to små ungar i eit badekar, der foreldra skreiv om korleis «dei var så veldig nære og intime før i tida», og dei «lurte på kvifor dei ikkje var så intime lengre». Det var nok ordet «intimt» som verkeleg gjorde at det vart litt ekstra vondt å lese, seier han.

Råda deira

Dette er ungdommens råd til dei vaksne i sosiale medium:

– Last ned Messenger, i staden for å bruke kommentarfeltet som chat. Og du dør ikkje av å la vere å kommentere, rår Ida Marie og Andrea.

– Tenk deg om to gongar før du publiserer og hugs å spørje før du publiserer bilde av ungane dine, seier Hermann.

Les også: Dette bør du ikkje gjere på Tinder

Artikkeltags