Har lagt egg like ved riksvegen

Denne måsen har funne ein svært uvanleg hekkeplass, i ein midtrabatt like ved riksveg 5.

Denne måsen har funne ein svært uvanleg hekkeplass, i ein midtrabatt like ved riksveg 5. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: – Eg håpar den ikkje vert uroa no.

DEL

At måsar kan finne uvanlege hekkeplassar er eit kjent fenomen, men måsen i Naustdal må likevel nesten ta prisen. For berre eit par meter frå riksveg 5, i midtrabatten på vegen inn til Naustdal sentrum, ligg det for tida ei måse på reiret.

– Eg var ute og køyrde ein tur tidlegare på dagen, og vart noko overraska då eg såg ei måse i midtrabatten. Eg rulla ned ruta, men då kasta den seg på vengene, seier Hans Petter Haugland som like etterpå køyrde fordi det same området.

Tok bilde

– Eg tenkte på den måsen eg hadde sett tidlegare då eg kom tilbake, og jammen låg den framleis på same plass. Då rulla eg ned ruta på bilen igjen og tok eit bilde ut av vindauget. Og då låg den roleg på reiret, seier Haugland som også har teke eit bilde som viser at det ligg minst eit egg i reiret.

– Eg ville likevel ikkje uroe måsen meir enn nødvendig, og håpar at folk får la den vere i fred. For det er tydeleg at det er ikkje så mykje måse som det ein gong var, og vi treng dei vi har. Dei gjer iallfall jobben sin på mange måtar, seier Haugland.

Stor trafikk

Haugland vedgår samstundes at han var overraska over å finne eit måsereir midt i den mest trafikkerte vegen i Naustdal.

– Hovudvegen mellom Førde og Florø går like ved, og det er også ganske stor trafikk på vegen opp til Naustdal sentrum, seier Haugland om det som må vere ein uvanleg urban måse.

Og han ber folk vise omsyn til måsen i tida framover.

– Eg la ut bilde av måsen på Facebook, og det er tydeleg at det er fleire som har sett den no. Og frå her eg bur, så ser eg rett over elva bort til midtrabatten. Og det er fleire som køyrer svært sakte forbi. Sikkert fordi dei vil sjå på måsen. For dette var ganske uvanleg, seier Haugland om måsen som har panorama-utsikt til den hastande trafikken på ein av fylkets mest trafikkerte vegar.

Artikkeltags