Etter tre år sluttar Line Anita som sjef på sjukeheimen: – Det er veldig vemodig, men det har også vore tøffe tak som leiar

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Når Line Anita Hjorthaug sluttar i jobben som seksjonsleiar på Naustdal sjukeheim, håper ho heimen kan bli ein livsgledeheim – og at det kjem krav for kor mange tilsette det skal vere på sjukeheimar.