Falleferdig leikeplass fjerna etter klage frå publikum

Staden der leikeplassen til tidlegare Loffen barnehage var. Leikeplassen vart fjerna etter klager fra publikum.

Staden der leikeplassen til tidlegare Loffen barnehage var. Leikeplassen vart fjerna etter klager fra publikum. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Ei mor klaga på Facebook. No er leikeplassen fjerna, men rådmannen utelukkar ikkje at det kan kome nye leikemoglegheiter der.

DEL

"Loffen står for fall! Kven er ansvarlege dersom det skjer eit uhell? I dag når vi var på tur med barnehagen datt ei dør av hengslene, rattet på bilen var reve laust og fleire fjøler med spikrar stikkande ut låg og slang", skriv ei mor på facebook-gruppa «Du veit du er i frå Naustdal».

Ho hadde illustrert innlegget med bilde av leikeapparat og leikehytter i svært forfallen tilstand. Enkelte stadar hadde fleire plankar råtna vekk i ei gangbru.

Mange fjerna

Etter innlegget er dei fleste leikeapparata fjerna.

– Noko leikeutstyr er teke vekk. Det var i ferd med å bli øydelagt og kunne bli ein fare. Det har vore mangelfull sikkerheit, seier rådmann i Naustdal kommune, Øyvind Bang-Olsen.

Loffen Eigedom AS har opsjon på eigedommen og har signalisert at dei vil kjøpe tomta, seier Bang-Olsen.

Eigedomsselskapet eig frå før bygget som tidlegare husa Loffen barnehage. Barnehagen opna på 80-talet i lokala som tidlegare husa Naustdal dampbakeri, og vart nedlagt etter at Lunden barnehage vart renovert. Den store leikeplassen har sidan den gong vore ein populær plass for mange born i Naustdal.

– Vi avtalte ein pris i 2012 på 750.000 kroner pluss indeksjustering. Tomta er regulert til sentrumsformål, som betyr at det går an å bygge på den. Vi er opptekne at det vert fornying av eigedommen, og det vil vere naturleg at ein kan ha uteareal og parkering der. Det vil bli utgangspunkt for ei betre utnytting av tomta. No treng vi litt innspel på korleis vi kan gjere det. Det å ha leikemoglegheiter og gode uterom i sentrum er ein viktig sosial faktor, seier Bang-Olsen.

Frå arkivet:

Loffen barnehage 20 år

Artikkeltags