Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i dag offentleggjort avgjerda si i tilsynssaka mot Naustdal kommune på si eiga heimeside.
Saka har vore mykje omtalt i media, både nasjonalt og internasjonalt.
Les også: Demonstrerer i 20 land mot norsk barnevern ogRefsar barnevernet
Der skriv dei: «Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med deler av Naustdal kommunes arbeid med «Naustdalsaka». Tilsynssaka er avslutta utan vidare oppfølging frå vår side.»
Eit brot på teieplikta
Fylkesmannen skriv også at dei etter innspel frå partane har vurdert om kommunen har røpa teiepliktige opplysningar. Det meiner Fylkesmannen at er gjort i eitt høve. Kva teiepliktige opplysningar det dreiar seg om vil dei av dikresjonsomsyn ikkje gå nærare inn på.
Fylkesmannen skriv at dei ventar at kommunen for framtida legg til grunn den forståinga av teiepliktreglane som er gitt uttrykk for i denne saka.
Les også: Forsvararen: – Glad for at foreldra får meir kontakt med borna
Oppfølging av familien
«Som tilsynsorgan må vi på bakgrunn av dei opplysningane vi til ei kvar tid har, vurdere om det er grunnlag for tilsyn og kva tilsynet i så fall skal omfatte», skriv Fylkesmannen, og legg til at dei fører tilsyn med forhold som høyrer heime under fylkesnemnda.
Les også: Foreldre i Naustdal ferdig etterforska
Det er fylkesnemnda som gjer vedtak om å ta barn ut av heimen med tvang. Dermed fører ikkje Fylkesmannen tilsyn med barnevernets saksførebuing i slike saker.
Fylkesmannen forklarar at tilsynet, som dei har ført etter oppmoding frå Naustdal kommune, i hovudsak handlar om barnevernet si oppfølging av familien i den perioden det var kontakt mellom barnevernet og familien.
– Vi har mellom anna undersøkt korleis kommunen har lagt til rette for kommunikasjon med barn og foreldre, og korleis kommunen har lagt til rette for samvær mellom barn og foreldre den tida barna måtte bu utanfor heimen, skriv fylkesmannen, og legg til at dei ikkje har merknader til det som har komme fram om barnevernets oppfølging av familien.
Fylkesmannen konkluderer med at tilsynssaka er avslutta utan vidare oppfølging frå deira side.
Fleire saker om Naustdalsaka:
Meiner barnevernstenesta planta forklaring