Ei rekkje store og internasjonale organisasjonar kjem no på banen som motstandarar av det planlagde fjorddeponiet i  Førdefjorden. Mellom desse er Greenpeace, nettverket Young Friends of the Earth, som åleine representerer 30 ungdomsorganisasjonar i Europa, og European Anglers Association. Sistnemnde representerer tre millionar fritidsfiskarar i 17 europeiske land. Dei er bekymra for den atlantiske villaksen, som Norge har eit spesielt internasjonalt ansvar for å ta vare på.

Felles opprop

Saman, leverte dei i dag eit opprop til statsrådane som snart skal ta avgjerd om fjorddeponia i Førdefjorden og Repparfjorden.

Oppropet vart overlevert miljøvernminister Tine Sundtoft (H) av Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet og representant for Friends of the Earth, verdas største nettverk av miljøorganisasjonar.

– Vi ber regjeringa halde norske fjordar reine i framtida, seier Haltbrekken til Firda, etter overleveringa av oppropet.

Aukande engasjement

Han seier det internasjonale engasjementet i deponisaka er aukande.

– I andre land har folk store problem med å forstå at eit land som vårt kan ha planar om å bruke fjordar som avfallsplass, seier han.

– Korleis vart oppropet motteke?

– Statsråden takka for oppropet og sa at saka er til behandling i regjeringa. Meir sa ho ikkje. Vi venta heller ikkje at ho kom til å seie meir enn dette no. Men det vi veit, er at Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Fiskarlaget,sjømat- og reiselivsorganisasjonar  alle er samde om at konsekvensane av eit fjorddeponi i Førdefjorden blir for store, seier Haltbrekken.

Sjokkbølgjer

Han spår kraftige internasjonale reaksjonar, om regjeringa opnar for deponiet.

– Det vil skape sjokkbølgjer utover i verda, om Norge går i gang med å bruke fjordar som søppelplass for gruveindustrien. Norge vil få eit omdømeproblem, både som turistnasjon og som leverandør av sjømat. Vi veit at det skal svært lite til, før det blir overskrifter rundt ting som gjeld lakseeksporten, seier han.

– Men kan ikkje dette lett bli kjenslebaserte reaksjonar, der fjør veks til høns?

– Havforskingsinstituttet har rådd frå deponiet. Miljødirektoratet har gjort det. Næringar har gjort det. Dette er bygd på fakta. Bygger nokon på kjensler, er det deponiforkjemparane, hevdar Lars Haltbrekken.