100 millionar har høyrt stemma til Iselin

Her opptrer Iselin Solheim saman med Kringkastingsorkesteret på Opera Nordfjord.

Her opptrer Iselin Solheim saman med Kringkastingsorkesteret på Opera Nordfjord. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Iselin Solheim (25) frå Naustdal har saman med bergensaren Alan Walker gjort braksuksess med låten "Faded".

DEL

– Det går ikkje an å skjøne det eigentleg. Viss ein tenker på folketal ... kor mykje det eigentleg er. Ein klarer nesten ikkje tenke at det skal gå så bra.

Dette er reaksjonen til Iselin Solheim på den enorme suksessen ho har hatt saman med Alan Walker med låten «Faded». Songen har blitt lytta til over 100 millionar gongar på musikkstøymingstenesta Spotify, og er å høyre på radio overalt.

– Kidsa syng den på t-bana

– Det er veldig rart. Eg hugsar når vi skulle spele inn musikkvideo til låten i Stockholm, så skulle eg ta taxi til innspelingslokalet. Med ein gong eg sat meg inn i drosja, høyrde eg ei svensk radiostemme seie: nu skal vi höra «Faded». Eg smilte sånn at eg følte eg måtte forklare det til sjåføren. Men han var ikkje så stødig i svensk eller engelsk. Han sa berre «jättefint», seier ho og ler.

Men dette er ikkje den einaste staden ho har fått høyre si eiga stemme i det offentlege rom.

– Det er spesielt å stå i rulletrappa på eit kjøpesenter, og høyre låten bli spelt på høgtalarane der. Ein blir jo litt nysgjerrig på kva dei andre folka rundt seg tenker om songen. Eg har også høyrd kidsa synge den på t-bana. Det er litt surrealistisk, seier ho.

Suksessen til låten har gjort til at Iselin stadig får jobbtilbod frå DJ-ar.

– Eg har merka at mange har tatt kontakt. Det er mange, spesielt DJ-ar, som vil at eg skal synge på låtane deira. Det er veldig smigrande. Men no vil eg fokusere på eigne prosjekt, seier ho.

Ho vil ikkje seie så mykje om kva ho held på med akkurat no, men understrekar at ho framleis jobbar.

Ser ikkje vekk frå framtidig samarbeid

Naustdalsjenta er klar på at låten er skrive av Alan Walker, men føler likevel at ho har sete sitt preg over den.

– Det er jo ikkje mi låt. Men eg synest eg har lagt mitt preg på vokalen. Eg har fått ein slags connection med låten, seier ho.

Ho seier også at ho gjerne kunne samarbeida meir med Walker i framtida, dersom eit passande prosjekt dukkar opp.

– Han er ein veldig fin fyr, og eg har blitt så glad i låten. Så det hadde vore veldig gøy å få til noko i framtida, seier ho.

– Iselin Solheim er hakket meir norskklingande enn Alan Walker. Kjem du til å halde på det som artistnamn?

– Eg har ikkje planar om å bytte. Likevel veit ein jo aldri. Men no kjennest det riktig. Det er den profilen eg har bygd opp. Det er meg.

Artikkeltags