Denne karen heimsøkjer nabolaget

NABO: Tone Cirotzki er nabo til eit ynda mål for Pokémon-jegarar. Naustdal kyrkje godt nemleg besøkt, men diverre for naboane ikkje i kyrkjetida.

NABO: Tone Cirotzki er nabo til eit ynda mål for Pokémon-jegarar. Naustdal kyrkje godt nemleg besøkt, men diverre for naboane ikkje i kyrkjetida. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

NAUSTDAL: Kyrkja i sentrum av Naustdal er stoppestad i det populære Pokémon-spelet, og det tek nattesøvnen frå naboane.

DEL

Naustdal kyrkje har vorte ein populær stoppestad for unge, og nokre vaksne, men diverre for naboane er det ikkje i kyrkjetida. Dei kjem heller midt på natta. Kyrkja er nemleg ein fast stoppestad for dei som speler det populære mobilspelet Pokémon Go. Det er ikkje alle naboane så glade for.

Tone Cirotzki, som bur like ved kyrkja i Naustdal, mister nattesøvnen fordi unge og vaksne fangar Pokémon utanfor døra. No har ho kontakta kommunen for å få opp skilt, eller på annan måte få ro i området.

– Dei køyrer heilt opp til kyrkjeporten, og vi bur på andre sida av vegen. Ein gong gjekk eg ned og sa ifrå og skremte dei skikkeleg. Det skulle vore filma! fortel ho.

Då ho kom ned til ungdommane som sat midt på natta med mobilane sine og spelte musikk, sa ho høgt «orsak meg, men eg skal stå opp om nokre timar», og han eine skvatt så han mista mobilen.

– Men dei er det ikkje så mykje å gjere med. Dei får vi berre lære oss å leve med.

Prøver å seie ifrå

I tillegg til Pokémon-jegerane er både vareleveringar og rånarar i sentrum. Varebilane som kjem til den nye butikken i sentrum, står med aggregata på medan dei lesser av bilane. Både Cirotzki og mannen jobbar turnus, og difor merkar dei støyproblema ekstra godt.

– Og når det slår med metall mot metall i tillegg til alle lydane frå aggregata, vert det mykje bråk. Eg har vore borte for å snakke med butikksjefen, men det er så mange ulike som leverer at vi ikkje får slutt på det, seier ho.

– Lossing bør ikkje vere lov før klokka sju om morgonen, skriv Cirotzki i brevet til kommunen, som ho etter to veker ikkje har fått svar på.

På toppen av det heile er det rånarar på bensinstasjonen like ved, og der har Cirotzki òg vore borte for å be folk roe volumet.

Artikkeltags