Situasjonen rundt sjødeponiet i Førdefjorden verkar framleis uavklara, etter at Energi- og miljøkomiteen i Stortinget i dag handsama eit representantframlegg frå SV og Venstre om å ta sjødeponisaka inn for Stortinget, før utsleppsløyvet blir slutthandsama.

Innstillinga og merknadene frå komiteen var i ettermiddag enno ikkje offentlleggjort på Stortingets nettside, men stortingsrepresentant og komitémedlem Heikki Holmås (SV) opplyser til Firda at behandlinga kan opne for ei utsetting av endeleg deponiavgjerd.

Sjølve representantframlegget om å stortingsbehandle utsleppsløyvet fekk ikkje fleirtal i komiteen, og kjem til å falle. Men ifølgje Holmås kan det gå mot eit fleirtalsstandpunkt om betre utgreiing av landdeponi, der også Ap og Sp er med.

Tilbakefylling i gruvegangane?

– Etter framlegg frå Ap, er det fleirtal i komiteen for at det i framtidige gruvesaker som handlar om sjødeponi, også skal greiast ut deponi på land. Førebels er det ikkje klart om Ap meiner dette også skal gjelde saka i Førdefjorden. Dette vil vi først få klarlagt etter at dei har hatt nye drøftingar i partigruppa si. Men etter mi meining, er det viktig å setje sjødeponisaka på vent. I Engebøsaka har det ikkje vore gjort skikkelege utgreiingar av t.d. løysinga der ein legg massane tilbake i gruvegangane, seier Holmås til Firda.

- Sjølv om vi enno ikkje kjenner Aps standpunkt når det gjeld Førdefjord-deponiet, meiner eg det vil vere totalt ulogisk å seie ja til sjødeponiet i Førdefjorden, om ein meiner at slike utgreiingar skal gjerast ved framtidige prosjekt der sjødeponi er aktuelt, seier SV-representanten.

«Sp er med»

– Det som også er gledeleg, er at Sp er med på eit framlegg om å utsetje heile utsleppsløyvet til ein har greidd ut landdeponi på skikkeleg måte, seier Heikki Holmås til Firda.

Representantframlegget som var bakgrunnen for komitéhandsaminga vart reist av Ola Elvestuen (V) og Bård Vegar Solhjell (SV), med utgangspunkt i at sjødeponisakene i Førdefjorden og Repparfjorden er saker der motstridande interesser står mot kvarandre, og der næringar som er avhengige av reine fjordar og godt internasjonalt omdøme kan bli skadelidande.

Signala som tidlegare har kome frå Ap har peika mot at dei vil la avgjerda ligg hos Regjeringa – som for ikkje lenge sidan sa ja til sjødeponiet i Førdefjorden.