Vevringutstillinga: Viser fram kunst laga av bestikk

METALL: Toril Bonsaksen kjem til Vevring, og har laga metallkyllingane «Ska ha, ska ha».

METALL: Toril Bonsaksen kjem til Vevring, og har laga metallkyllingane «Ska ha, ska ha». Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Ein manns søppel er ein annans skatt, seier dei på engelsk. TIl helga skal metall, gjenbruk og gamle gjenstandar stillast ut i Vevring.

DEL

14 kunstnarar frå både inn- og utland kjem til den vesle bygda til helga. Vevringutstillinga går av staben for 40. gong, og metall og gjenbruk er hovudtemaet, skriv arrangøren i ei pressemelding.

Knivar og gaflar

To av dei aktuelle er metallkunstnarane Kjetil Aschim og Toril Bonsaksen, som har laga kunstverk av skeier, gaflar, gamle kjøtkverner og drillar som ikkje er i bruk.

Også tekstilkunstnaren Kioyoshi Yamamoto skal stille ut, med planar om å vise igjen utanfor dei vanlege utstillingslokala. Han bur i Bergen, men har bakgrunn frå Brasil og Japan.

Tre danskar tar også turen, Josefine Rønsholt Smith, Mette Saabye og Pernille Mouritzen. Dei lagar smykke i ulike materiale, og kjem til å lage nye smykke på Fjordbutikken under utstillinga.

Kafékonsert på laurdagen

På musikkfronten blir det Åse Britt Reme Jakobsen som skal spele under opninga fredag føremiddag og på kafékonsert på laurdag. Repertoaret hennar femnar om sjangrar som country, blues, jazz og norsk folkemusikk, skriv Vevringutstillinga i pressemeldinga.

Årets utstilling kjem til å gå føre seg på skulen, i låvar, på butikken og ute i Vevrings landskap.

Artikkeltags