1950: Heltar - 2014: Sjikane og hets

Då søskenbarna Dagfinn og Henrik Berg viste fram ulven i 1950, vart dei mottekne som heltar. Jegerane som felte «Naustdalsulven» denne veka, har blitt sladda. Dette for å skjerme seg frå hets og truslar.

Då søskenbarna Dagfinn og Henrik Berg viste fram ulven i 1950, vart dei mottekne som heltar. Jegerane som felte «Naustdalsulven» denne veka, har blitt sladda. Dette for å skjerme seg frå hets og truslar. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Det var enklare å vere ulvejeger før. No er det ein meir utakknemleg jobb.

DEL

– Den gongen var dei heltar, dei som skaut rovdyr som ulv og bjørn. All mark var beite, og alle ville rovdyr var ein trussel.

Det seier Einar Eimhjellen frå Fimland i Naustdal, 12 år gammal i 1950, då søskenbarna Dagfinn og Einar Berg kom ned til Naustdal med ein skoten ulv på ryggen.

– I 1950 var vi ikkje eingang sikre på at det var ein ulv som var skoten. Vi lurte først på om det var ein stor Schäfer. Men eg hugsar at lensmannen kom på bana og slo fast at dette måtte vere ulv, seier 76-åringen.

Har opplevd to ulvefellingar

64 år skulle det ta før ein ny ulv vart felt i Naustdal. Og Eimhjellen fekk oppleve begge. Han budde på Fimland i 1950, og bur der framleis. Huset hans er få kilometer frå der ulven vart felt i 1950, og like kort unna der den vart felt i 2014.

Onsdag ettermiddag var han som mange andre naustedøler på plass på Kalland for å sjå på ulven.

Les også: Fekk sjå ulven

– Dei som var der var nok glade for at ulven var borte, og støtta nok jegerane, men det er mange som manglar forståing for kvifor ulven vart skoten, seier han.

Manglar forståing

Den tidlegare landbrukssjefen i Naustdal fortel at det framleis er slik at dei som driv med husdyrhald har dyr på beite, der dei er sårbare for rovdyr. Han opplever at mange ikkje forstår dette, og at sympatisørar ikkje set seg inn i bøndene sin situasjon når rovdyr tek sau og andre husdyr.

– Nokre folk er nok meir distansert frå landbruket enn før. Dei forstår ikkje at bøndene er avhengig av desse dyra for å ha ei inntekt, seier han.

Firda skreiv i tida etter at ulven vart felt om jaktlaget, som skjermar jegerane etter ulvefellinga. Jaktleiaren og jaktlaget har i tida motteke mykje hets og trugslar.

På biletet Firda har fått av jegerane , er både fotograf og jegerane anonymiserte. Dette grunna at jaktlaget fryktar nye trugslar

Forstår kvifor dei blir skjerma

Einar Eimhjellen seier han forstår dette godt.

– Eg skjønnar godt at dei blir skjerma. Under framsyninga av ulven på onsdag, merka eg også at dei som synte den fram var forsiktige, seier Eimhjellen.

Med andre ord er det store kontrastar mellom 1950 og i dag, slik Eimhjellen ser det.

– Den gongen var dei aller fleste sysselsett i landbruket. Og kom det rovdyr som trua husdyra, då var dei som fjerna dei heltar. No er det mange som ikkje eingong veit kvar maten kjem frå, seier Eimhjellen.

Fryktar at færre vil bli lisensjegerar

Leiar for Norges jeger og fiskeforbund i Sogn og Fjordane, Per Norstein, synest det er trist at jegerane skal bli hetsa for å gjere jobben sin.

– Eg må seie at eg er bekymra over denne utviklinga. I verste fall kan vi risikere at vi ikkje får frivillige i slike jaktlag lenger, seier Norstein.

Han fortel at det er stortinget som vedtek at fellinga skal gjerast. Slik han ser det gjer jaktlaga eit viktig samfunnsoppdrag, og samarbeidar godt med grunneigarane.

Han fortel at normaljakt har stor støtte blant befolkninga, men at kvar gong bjørn, jerv eller ulv blir felt, medfølgjer det stor debatt, og ofte medfølgande hets og truslar.

– Eg forstår difor at jegerane vil vere anonyme og skjerma. Det er store krefter i dei som er jaktmotstandarar, seier Norstein, og peikar på at den digitale verda vi lev i no, forsterkar dette ytterlegare.

– Med eit tastetrykk er det spreidd på eit augneblink, seier han.

Alt gjort etter boka

Norstein vil rose jaktlaget for måten dei har handtert ulvejakta på. Fellinga og handteringa av situasjonen har skjedd heilt etter boka. Han trur også at vurderinga ved å la jaktlaget samla stå for fellinga, er rett.

– Slik har det dessverrre blitt. Eg trur det er viktig å ikkje framstå som trofejegerar i slike saker, seier han.

Artikkeltags