Ap held fast på sitt ja til sjødeponiet

RØYSTAR: Her får fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, årsmøtets ja til standpunktet han har forfekta: Gruveprosjektet i Engebøfjellet må kunne realiserast med sjødeponi.

RØYSTAR: Her får fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, årsmøtets ja til standpunktet han har forfekta: Gruveprosjektet i Engebøfjellet må kunne realiserast med sjødeponi. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

63–42 i avrøysting fylkesårsmøtet.

DEL

Sogn og Fjordane Arbeidarparti endrar ikkje haldning i den omstridde sjødeponisaka. Dette er klart, etter at ein lengre debatt på fylkesårsmøtet i Førde no har endt i ei avrøysting der eit fleirtal på 63 delegatar held på sjødeponiløysinga, medan 43 røysta for nei standpunktet særleg Førde Ap har forfekta.

Tunga på vektskåla vart utsendingar frå dei tunge Ap-laga i Indre Sogn, der årdølene og deler av Lusters store delegasjon stod fast på haldninga Sogn og Fjordane Ap har hatt i Engebø-saka: Vektlegginga på industribygging, vekst og arbeidsplassar, og vurderinga av at konsekvensane for miljøet ikkje blir uakseptable.

Stridssak

Fylkesårsmøtets største stridssak kom til debatt allereie i starten av fylkesårsmøtet, der Ap-laga i Førde og Eid reiste framlegg om deponi-nei, medan Askvoll foreslo ei fråsegn som ville stadfeste den haldninga fylkespartiet har teke i tidlegare rundar om Engebøprosjektet.

Terje Gjertsen frå Førde Ap viste til deponiprotestane frå seksti andre selskap, Lena Haveland og Helge Robert Midtbø viste til faglege fråsegner og Miljlødirektoratets fråråding, og meinte ein kunnskapsbasert konklusjon nødvendigvis måtte bli nei.

– Miljødirektoratet meiner at faglege omsyn tilseier at innvendingane mot deponiet må takast til følgje. Fiskeridirektoratet meiner at innvendingane står sterkare. Havforskingsinstituttet, det største marine forskingsmiljøet, seier at sjødeponi ikkje er berekraftig. Statens ekspertar seier nei. Difor seier Førde Ap nei, sa Midtbø.

Vågsøy og Førde på lag

Men der Haveland, Midtbø og andre Førde-delegatar snakka om at kunnskapen tala mot deponi, at røynslene tala mot, og at folk var imot, gjekk veteranen Harry Mowatt frå Hyllestad på talarstolen og teikna eit bilete av deponimotstanden som noko nærast religiøst.

– Miljødirektoratet seier ingen ting om kjemikalieutsleppa. Dei er ufarlege. Dei seier ikkje noko om tungmetallforureining. Finstoffet vil ikkje spreie seg. Føre-var handla om fire fiskeslag. Det er nesten ikkje miljøargument att, sa Mowatt.

Derimot fekk Førde Ap støtte frå eit hald dei ikkje har vore van til å vere på lag med: Vågsøy Ap.

– Vi hadde havet som dumpingsplass. Eg ønskjer ikkje at det skal vere slik i framtida, sa delegat og tidlegare Vågsøy-ordførar Roger B. Silden.

– Eg ønskjer arbeidsplassar, men ikkje for kvar pris, sa Silden, og la til: Eg stør faktisk Førde Ap, kor utruleg det høyrest ut.

Arbeidsplassane

Men haldningane stod beint mot einannan: Linda Landøy frå Askvoll peika på at ingen er så godt rigga til å kunne drive miljøforsvarleg rutilutvinning som Norge, medan AUFs Ingeborg Førde bad om at Førdefjorden ikkje må øydeleggast for generasjonane som kjem etter. Torbjørn Vereide i fylkestingsgruppa hadde snudd frå ja til nei, men overtydde ikkje Annlaug Birkeland frå Naustdal:

– Noko meir miljøvennleg løysing enn sjødeponiet på Engebø finst ikkje. Folk ser fram til desse arbeidsplassane, sa Birkeland, før Håkon Myrvang – ordførar i Naustdal – tok til motmæle mot Førde-delegasjonen, og hevda argumentasjonen deira var heilt feil:

– Dei tilrådingane frå Miljødirektoratet som Førde Ap viser til, har blitt korrigert i eit oppfølgande brev. Det er mykje feilinformasjon ute og går i denne saka, sa Myrvang.

Tvil og tru

Den store delegasjonen frå Luster var kløyvd om lag på midten i deponisaka, og Arne Johannesen bad om pause før det skulle røystast. Ein som derimot ikkje var i tvil, var gruppeleiar i fylkestinget og tidlegare fylkesleiar, Nils P. Støyva:

– Denne forsamlinga har sagt ja tre gonger tidlegare, og det må vi stå på. Eg les svara frå Miljødirektoratet annleis enn det som blir sagt her. Miljøkonsekvensane er akseptable. Skal vi ha truverd som industri- og næringsparti, må vi stå på dette. Snur vi no, får det konsekvensar for Håkon Myrvang og fylkesordførar Åshild Kjelsnes i valkampen, sa Støyva til Aps fylkesårsmøte.

Artikkeltags