Knapt hadde SVs Heikki Holmås jubla over utsiktene han såg til utsetting av Engebøsaka, før Ap gjer klart at håpet hans er fåfengt.

Ap er med på ei fleirtalstilråding som berre Høgre og Frp stiller seg utanfor, der Energi- og miljøkomiteen i Stortinget ber regjeringa stille krav om at dei ulike alternativa for deponiløysing blir konsekvensutgreidde. Dette skal gjelde ved nye søknader om løyve til mineralsk aktivitet, går det fram av framlegget, som Ap, KrF, Sp, Venstre SV og Miljøpartiet Dei Grøne stiller seg bak.

Dermed handlar det om framtidige søknader, og ikkje sjødeponiet i Førdefjorden, ifølge Aps fraksjonsleiar i komitéen, Terje Aasland.

Sjødeponiet

– Når det gjeld Førdefjorden, er avgjerda regjeringas ansvar, og hos Regjeringa er avgjerda med ja til sjødeponi teken. Så får ein ta lærdom av det som har skjedd, når seinare gruvesaker kjem. Det er uaktuelt å gå inn i denne saka, seier Terje Aasland til Firda.

– Framlegget vi har stilt oss bak, endrar ikkje situasjonen for Førdefjorden og Repparfjorden. Det er tidlegare bestemt korleis prosessane i slike saker skal vere, og at avgjerda skal ligge i Regjeringa. Det held vi oss til, anten vi er i opposisjon eller i posisjon, seier Aasland.

Ingen tenkepause

Partifelle og stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø, stadfestar Aaslands utsegner:

– Nøyaktig slik oppfattar også eg partiets standpunkt. Det er ikkje fleirtal for å ta opp Førdefjordsaka, og utsettingar for å gjere nye utgreiingar der, er uaktuelt. Det er heilt umogleg å ha den tolkinga Heikki Holmås har. For ettertida må ein be om alternative utgreiingar av deponilløysingar. Men vi er veldig klare på at Regjeringa avgjer. Dermed gjeld framlegget frå fleirtalet i komiteen ikkje Førdefjorden, seier Heggø til Firda.

Redusere deponeringsbehovet?

Det same komitéfleirtalet som ber om alternative deponiutgreiingar ved nye prosjekt, foreslår også at Stortinget skal be regjeringa setje i gang eit arbeid for å greie ut moglegheitene for å redusere deponeringsbehovet ved framtidig utvinning av mineralressursar.

– Dette har eg vore veldig oppteken av. I staden for å krangle om deponi her eller der, er det betre å bruke gruvemassane til noko fornuftig, seier Heggø til Firda.

Ap avgjer

Under Energi- og miljøkomiteens deponidebatt torsdag, gjekk KrF, Sp, Venstre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne inn for å krevje konsekvensutgreiing av alternative deponeringsløysingar på land, før avgjerda om gruvedrift i Engebøfjellet blir sett i verk. Men dette kravet vart ikkje Arbeidarpartiet med på, og utan Ap vart det heller ikkje fleirtal for framlegget.

Bakgrunnen for saka var eit representantframlegget frå Venstre og SV om å stortingsbehandle sjødeponisaka, trass i at regjeringa har sagt sitt ja. Dette framlegget fell, og fekk i komiteen berre støtte frå KrF, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei Grøne.