– Vi ser at vi er eit stort steg nærmare å realisere prosjektet, seier Ivar S. Fossum, konsernsjef i Nordic Mining.

Måndag la konsernet fram ein fersk studie som har kartlagt dei kommersielle og industrielle moglegheitene for gruvedrift i Engebøfjellet.

Engebøfjellet har ein av verdas største førekomstar av rutil og store mengder av granat. I studien har ein sett på korleis dei to kan best utvinnast i ein samla industriproduksjon.

Eitt års arbeid med rapporten

Arbeidet med rapporten starta for eitt år sidan. Det blei då tatt prøver under ei prøveboring.

– Kva skil denne rapporten frå andre rapportar om gruvedrifta?

– I vår bransje er det slik at når det nærmar seg realisering av eit prosjekt, må det gjerast tekniske studiar på ulike nivå, og dette må utførast av andre enn oss. Mineralgrunnlaget må verifiserast for å gje investorane tryggleik for at dei vi seier er reelt.

Det er ulike institusjonar i utlandet som har gjort undersøkinga. Det tekniske og det økonomiske aspektet har vore under lupa.

Les også: Vil markere ny gruveprotest – men denne gongen lovleg og Martin og 45 andre gruveaksjonistar må møte i retten

Fossum: – Positivt resultat

Ifølge Fossum var resultatet av studien positiv.

– Den konkluderer med at det er god lønsemd, auka utnyttingsgrad for mineralressursen og redusert miljømessige fotavtrykk.

Lønsemda på prosjektet vil ha ein noverdi på 2,7 milliardar kroner når det er tatt omsyn til alt av kostnader. Det er berekna ein initiell kostnad på 1,7 milliardar på å bygge gruve- og produksjonsanlegg.

– Investerings-kostnaden er lågare enn vi tidlegare har estimert, seier Fossum og legg til at dei har redusert kostnaden med nesten 100 mill. dollar.

– Vi trur det vil gi større sjansar for finansiering. Det er framleis mykje som skal investerast i prosjektet.

Les også: Krev full erstatning for øydelagd ro på hytta,

Nordic Mining ser også at granat har blitt ein viktigare bit av utvinninga frå fjellet, medan rutil har gått noko ned.

– Granatmarknaden er i vekst, og Nordic Mining vil vere den første produsenten av dette mineralet i Europa, seier Fossum, som meiner deira konkurranse-evne for mineralet vil vere blant dei beste i verda.

– Betre for miljøet

Studien bereknar ei levetid for gruva på 29 år der det vil vere uttak av malm frå dagbrotet dei første 16 åra.

Ifølge Fossum er det gode moglegheiter for å forlenge drifta i Engebøfjellet utover dei 29 åra.

No startar arbeidet med ein ny studie, som ifølge Fossum er ein definitiv moglegheitsstudie.

Les også: Nordic Mining lykkast med endå eit produkt

– Her skal vi ta ned risikonen ytterlegare og aukar nøyaktigheits-grada. Enno har vi ein del testarbeid. Målet vårt er at vi i løpet av første halvår i 2019 kan sette spaden i jorda og at vi er i gang med å produsere i 2021.

– De seier at dei miljømessige fotavtrykka blir mindre, kva baserer de dette på?

– Vi meiner dei miljømessige aspekta er like gode med eit større anlegg også. Men vi ser at mengda restmineral blir kraftig redusert. Når det gjeld arealet på land får vi nesten ingen transportveg for malmen og alt ligg på same stad. Vi får eit dagbrot som er skjerma for omgjevnadane og vi har laga det slik at den synlege påverknaden på bakken er liten. Landskapet er nesten likt, med mindre du er ein fugl som flyr over. Knus- og siloanlegget blir inne i fjellet, noko om gjer til at mykje av støyen blir redusert.