– Dette er ein merkedag for Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

– Eg trur framtida vil vise at dette var ei fornuftig avgjerd. Den vil opne for at vi kan skape store verdiar i vårt fylke, seier Lødemel, etter at det fredag vart klart at regjeringa seier ja til gruvedrift på Vevring. Då gjekk Nordic Mining rett til topps på Oslo Børs.

– Miljøomsyna varetekne

Han føler seg trygg på at alle omsyn er vurdert før det blir gitt grønt lys til utbygging. Næringsdepartementet har godkjent reguleringsplanen og Klima og miljøverndepartementet har gitt utsleppsløyve.

 – Overvakingssystema som ligg til grunn gjer at miljøomsyna er godt varetekne. Då er det dei positive sidan ved dette prosjektet som har vege tyngst. Dette vil gje eit fantastisk industrieventyr midt i hjartet av Sogn og Fjordane, seier Lødemel.

Viktig for Sogn og Fjordane

– Kor viktig er eit vedtaket for Sogn og Fjordane?

– Det er viktigare enn det som er komme fram til no.

Respekt for skepsisen

– Det har vore sterk motstand mot etableringa. Ventar du sterke reaksjonar?

– Eg har stor respekt for at det er delte meiningar og stor skepsis til dette prosjektet. Men det er eit faktum at Naustdal og Askvoll har sagt ja. Det same har både fylkeskommunen og fylkesmannen gjort. No har regjeringa gjort det same. Og avgjerdene er tufta på grundig utgreiingsarbeid som har pågått sidan 2007, seier Lødemel.

Djuvik: - Eit prosjekt vi treng

Gruppeleiar for FrP på Fylkestinget, Frank Willy Djuvik, er spesielt glad for at ein no har sett eit endeleg punktum i saka, og at Nordic Mining som allereie har brukt fleire titals millionar på utarbeiding av planar og kartlegging over 8 år, endeleg kan settje i gang prosjektet.

 – Dette er eit prosjekt som vi verkeleg treng i fylket, og det vil være starten på eit nytt industrieventyr for heile nasjonen som startar i vårt fylke, seier Djuvik.

Mjømen: - Ein jubeldag

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, uttaler at dette er ein jubeldag for heile fylket og at dette synnleggjer ei mykje meir handlekraftig og næringsvenleg regjering enn tidlegare.

– Dette er ei sak vi har jobba mykje med, og det er gledeleg at vi kan få eit så godt resultat av ei slik sak, seier Mjømen