Han måtte søke Fylkesmannen om éi krone i ekstraløyving

NØDVENDIG: – Fylkesmannen ringde og sa vi måtte sende ein søknad om tilleggsløyving, elles kom revisoren til å ta dei, forklarar Henning Malones.

NØDVENDIG: – Fylkesmannen ringde og sa vi måtte sende ein søknad om tilleggsløyving, elles kom revisoren til å ta dei, forklarar Henning Malones. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: Henning Malones trong berre éi krone for å få økonomien til å gå opp, men papirarbeidet måtte likevel gjerast som vanleg.

DEL

– Det er Fylkesmannen sitt system som er ganske rigid, forklarer Malones og ler.

«I samband med søknad om omdisponering av rentemiddelbudsjettet, er ein i ettertid blitt klar over at det er behov for å søke om tilleggsløyving på kr 1.-

Søker med dette altså om kr 1.- i tilleggsløyving for å dekke inn manglande beløp på post 807 – teknisk utstyr.»

Slik lyder den korte søknaden om tilleggsløyve sendt frå Henning Malones, fagleiar for skog og vilt i Naustdal kommune, til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Vart runda opp

Rentemiddelbudsjettet som Malones søkte pengar frå er eit fond som kan bli brukt til kjøp av utstyr og liknande. Malones hadde fått innvilga ein viss sum til å kjøpe inn diverse verktøy.

– Eg kjøpte ei motorsag, ei fil og noko ekstra utstyr. Når kasseraren slo det inn, såg vi at vi hadde treft akkurat på summen vi var innvilga. Eg bad han om å sende rekning i posten, men då vi fekk den, såg vi at summen var runda opp, slik at det vart akkurat ei krone for mykje, seier Malones.

– Vi tenkte det ikkje var så farleg, men så ringde dei frå Fylkesmannen og sa at vi måtte sende ein søknad om tilleggsløyving, elles kom revisoren til å ta dei.

Kort behandlingstid

– Det er sånn verda er. Det er inga kjære mor i landbruksavdelinga hos Fylkesmannen. Eg viste det til kollegaene mine òg. Vi såg humoren i det, og eg sende med ein snerten kommentar til Fylkesmannen.

Behandlingstida på søknaden var heller ikkje lang:

– Eg fekk innvilga den krona, ja. Eg trur ikkje det tok mykje meir enn 10 minutt, seier han.

Artikkeltags