Åsmund Berthelsen blei kåra til årets eldsjel

ÅRETS ELDSJEL: Åsmund Berthelsen fekk  Friluftslivets eldsjelpris på søndag.

ÅRETS ELDSJEL: Åsmund Berthelsen fekk Friluftslivets eldsjelpris på søndag. Foto:

NAUSTDAL: Åsmund Berthelsen trur han brukar eit halvt årsverk på frivilleg arbeid kvart år. Søndag fekk han Friluftslivets eldsjelpris.

DEL

Han tok imot den gjæve prisen under Friluftsdagen på Toten søndag.

Under prisutdelinga forklarte Berthelsen kva som motiverte han: Å gi born dei same, gode opplevingane i naturen som han sjølv hadde.

Han mimrar tilbake til då han gjekk åleine i fjellet som tiåring.

– Eg hadde hørt om både gaupe og bjørn, og var spent på om eg skulle få sjå dei, seier han til Norsk Friluftsliv.

Kjent fjes hos Naustdals born

Berthelsen vaks opp på gard i Telemark, men flytta til Naustdal som vaksen. For ti år sidan starta han skiskule for born i Naustdal. Sist vinter deltok 30-40 born, og fleire og fleire melder seg på.

– Skiskule er kanskje litt feil omrgrep, for det er skileik, og ikkje lange økter med instruksjon. Dei må få bestemme sjølv kva dei skal prøve, og ikkje bli instruert heile tida. Du må gjerne gi råd, men ikkje så for lenge og forklare, seier han til Norsk Friluftsliv.

I tilllegg er han ansvarleg for orientering i Tambarskjelvar, er nestleiar i ski/orienteringsgruppa, har orienteringsopplæring med skularklassar, i tillegg til å arrangere skiskule frå januar til mars.

Halvt årsverk

Han får også tid til dugnad i Instedalen skianlegg, og er ivrig orienteringsløpar. Han trur sjølv han er oppe i eit halvt årsverk med frivilleg arbeid, som ikkje er så vanskeleg å tru på.

Artikkeltags