Sunnfjord Kajakklubb står bak ein stille protest 1. mai for å syne si misnøye mot regjeringa sitt gruvevedtak.
– Vi skal padle frå Førde til Vevring for å markere kva vi meiner om sjødeponi i Førdefjorden, seier Øyvind Korsøen, leiar i Sunnfjord kajakklubb.
Sporlaus ferdsel
Han ser det som si plikt å seie frå til regjeringa om at det å gjere fjorden til ein avfallsplass ikkje er greitt.
– Noko av det første ein lærer seg når ein skal lære å padle, er noko som heiter «sporlaus ferdsel». Dette vil seie at vi ikkje skal legge igjen noko etter oss når vi padlar, seier Korsøen.
Han synest difor ingenting om at gruveavfall skal leggast igjen i fjorden.
– Eg trur mange gløymer at fjordane også er norsk natur som vi må ta vare på.
Verdisynsak
Gruveavfallet blir ikkje nødvendigvis synleg for kajakkpadlarane på overflata av Førdefjorden, men det er ikkje dette saka handlar om for Korsøen.
– Dette er ei verdisynsak. Det handlar om fjordbotn og alt liv i fjorden. Det handlar også om å bygge rykte for framtida.
Øyvind Korsøen har aldri delteke i noko 1. mai-markering tidlegare, men i år såg han seg nøydd til å stille opp.
– No har det rett og slett gått for langt, og då må ein stille opp, seier han.
På vegen til Vevring skal padlefølget overnatte i telt på Helle i Naustdal.