Appell frå Fridtjov Urdal har blitt musikkvideo på YouTube

Artikkelen er over 3 år gammel

Protesterer mot fjorddeponi med nynorsk reggae

DEL

Då Fridtjov Urdal i fjor heldt ein av sine appellar mot fjorddeponi var det neppe med intensjonar om å bli Sunnfjords neste YouTube-hit. Går alt vegen for gutane frå Førde og Naustdal, kan det kanskje likevel bli det det endar med.

Fengane debattinnlegg

I dag kom nemleg låten «Dump, Dump I Deponi» ut i musikkvideoformat på YouTube. Med tekst frå Fridtjov sjølv, sett saman med reggae-musikk frå Johannes Vestrheim, er songen fort det mest fengande innlegget i debatten om gruvedeponi i Førdefjorden.

– Vi tenkte dette var perfekt å formidle gjennom musikk. Kanskje kan vi nå ut til eit publikum som ikkje kjenner saka, fortel Jogeir Slettevold Bruflot (25) om bakgrunnen for at dei i haust laga protestsongen. Det var han som etter å ha late seg inspirere av orda til Urdal fekk ideen om å lage musikk av appellen.

Frå kino til YouTube

I haust publiserte Blasfemisk Eksplosjon (Vestrheim), Blakk Lava (Bruflot) og Baron B (Bjørnar Sagvold ) låten, som dei siste månadane har rulla over kinolerret i Førde og Florø saman med ein undervassfilm frå Miljøvernforbundet.  Med seg på låten har dei og Magnus, ein ung gut frå Naustdal.

Men som ein kvar artist med respekt for seg sjølv, måtte dei sjølvsagt ha eigen musikkvideo. Med lån av undervassfilm frå Naturvernforbundet, kombinert med eige materiale frå nærmiljøet, meiner dei å ha fått til ein video som viser fram bygda og speglar innhaldet i teksten.

– Men den er laga skummelt fort og gale, fortel Vestrheim (25) som har reggae på nynorsk som sitt domene.

Fleire intensjonar

I tillegg til å trekke eit nytt publikum inn i gruvedebatten, innrømmer han at han òg har ein annan intensjon:

– Kanskje dei som er interesserte i saka, kan få eit innblikk i nynorsk reggae.

Og Urdal sjølv har ingenting å utsetje på at hans lyrikk no har hamna på YouTube.

– Tvert imot. Det er berre kjekt, seier han til Firda etter å ha blitt gjort merksam på musikkvideoen.

Artikkeltags