Nordic Mining har sikra avtale med grunneigarar

Artikkelen er over 1 år gammel

ENGEBØ: Nordic Mining har komme fram til ei ordning med hovedgrunneigarane på Engebø, melder selskapet sjølv i ei pressemelding.

DEL

I ei pressemelding torsdag ettermiddag skriv Nordic Mining at dei har inngått avtalar med dei største grunneigarane på Engebø i Naustdal.

Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining, stadfestar at det er snakk om dei tre hovedgrunneigarane på Engebø, i området der dei skal ta ut mesteparten av minerala. Det vil seie at dei også har ordna avtalar med grunneigarane om området der sjølve prosessanlegget og utskipinga av produkt er planlagt.

– Det har vore viktig for oss å inngå gjensidige avtalar med grunneigarane, så det har vi gått inn for og brukt tid på, seier Fossum.

Avtalen gir Nordic Mining rett til å erverve området for det planlagde anlegget. Vidare regulerer avtalen Nordic Minings planlagde utvinningsaktivitetar og kompensasjon til grunneigarane for sal av alle mineral frå Engebø.

I april vart det kjent at fem andre grunneigarar har overdrege sine rettar til mineralutvinning til eit selskap som vil vinne ut granat – utan fjorddeponi og Nordic Mining ikkje hadde avtalar med grunneigarar.

Men i pressemeldinga Nordic Mining sende ut torsdag, seier dei at dei no har alle rettigheiter og løyver som er naudsynt på noverande tidspunkt.

– Dette inkluderer utvinningsløyver, miljøløyve og ein plan for regulering av bruken av jord til gruvedrift, mineralhandsaming og infrastruktur i Engebø-området, skriv selskapet.

Artikkeltags