27 millionar friske kroner til Nordic Mining

ENGEBØFJLELLET: Nordic Mining har sikra seg fire nye aksjonærar, og 27 millionar i friske midlar.

ENGEBØFJLELLET: Nordic Mining har sikra seg fire nye aksjonærar, og 27 millionar i friske midlar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: Fire investorar kjøper ein tidel av aksjekapitalen i Nordic Mining.

DEL

Selskapet som skal utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet, har selt 8.620.000 aksjar til 3,10 kroner stykket. Til saman gjev det reknestykket 26,7 millionar i nye midlar.

Midlane skal nyttast til å gjennomføre nye moglegheitsstudiar og til generell drift av selskapet, opplyser Nordic Mining i ei pressemelding. Styret har vege for og imot sal av aksjane, men fann at det var naudsynt med nye midlar for å kunne gjennomføre interessene til selskapet og noverande aksjeeigarar. Årsresultatet i fjor enda på litt over 19 millionar i minus.

Investorane som kjøper seg inn, er Spencer Trading AS, eit London-basert investeringsfond, Alden AS og Tigerstaden AS.

Og kva er så rutil, og korleis skjer leitinga? Sjå: Stridens borekjerner

Artikkeltags