Naudetatane rykte ut etter melding om brann i bustadhus

KONTROLL: Brannvesenet skal no ha kontroll på situasjonen, og har røykdykkarar inne i huset.

KONTROLL: Brannvesenet skal no ha kontroll på situasjonen, og har røykdykkarar inne i huset. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Brannvesenet har fått kontroll på brannen.

DEL

– Så langt er det litt diffuse meldingar, men forbipasserande har varsla Alarmsentralen om at det kjem røyk ut av taket på eit hus i Instedalen, seier vaktleiar Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen.

Klokka 17.35 får Firda vite av Alarmsentralen at brannvesenet har kontroll på staden.

10 mann frå brannvesen frå Førde og Naustdal er på staden, ifølgje vaktleiar Øvrebotten.

– Røykdykkarar held no på å gjennomsøke huset og leitar etter årsaka til røykutviklinga, seier han.

Øvrebotten fortel at det er mest røyk i huset, og ikkje oppdaga flammar.

Huset skal ligge like i nærleiken av Instedalen skule, og det skal ikkje ha vore folk i huset når røykutviklinga starta.

Brannvesenet skal no ha sløkt brannen, og har returnert til stasjonen.

Artikkeltags