Naudetatane varslar fredag føremiddag om mykje regn og vind i Vestland. Verst vil det vere på ettermiddagen og utover kvelden.

Dei ber at du sjekker at trampoliner og båtar er fortøydd skikkeleg, i tillegg til stillas og presenningar. Du må også sjå at overflatevatn har moglegheit til å renne vekk frå hus. Det inneber mellom anna å rydde lauv og is frå sluk og nedløp.

– Folk må følge litt ekstra med, og så ville eg ha teke meg ein tur for å sikre båten litt ekstra, seier beredskapssjef Robert Endestad i Kinn brann og redning til Firda.

Mykje tyder på at vinden vil treffe kysten hardast, men kor på kysten er uvisst.

– Nøyaktig kor den slår til er ikkje godt å seie, men vi kjem til å følge godt med utover dagen, og så har vi folk på vakt ved behov, seier Endestad.

Følg vêrsituasjonen på firda.no utover dagen.