110-sentralen melde om ulukka i klokka 15.06 onsdag ettermiddag.
Møteulukka skal ha skjedd på fv. 5625 Skjerdalsvegen. Alle naudetatar var komne fram på staden litt over klokka tre. Vegen vart stengd som følgje av ulukka.
Litt etter klokka 15.30 opplyser Vest politidistrikt at ulukka har skjedd i eit kryss.
– Det vart først meldt at det var ei front mot front-ulukke, men det er ikkje heilt korrekt. Eine bilen kom ut frå ein sideveg, medan den andre køyrde på hovudvegen då ulukka skjedde. Så det rette å seie blir front mot side, seier operasjonsleiar Tore André Brakstad.
Det var ein person i kvar bil. Den eine klagar på smerter i brystet og blir sjekka av helsepersonell.
Bilbergar er på veg for å hente begge bilane, som begge har fått ein del materielle skadar.
Vegen vart opna igjen i 17-tida.