Førre veke blei det klart at Nordic Mining får behalde lisensen til å drive eit ope dagbrot i Engebøfjellet i Sunnfjord. No vurderer Naturvernforbundet å ta saka til retten.
– Vi har ikkje landa enno, men vurderer å sende ut eit prosessvarsel ganske snart, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, til NRK.
Eit prosessvarsel inneber at Naturvernforbundet varslar motparten – i dette tilfellet staten – om at ein juridisk prosess er i sving.
Tilhengjarane av gruveprosjektet i Engebøfjellet meiner Naturvernforbundet no opptrer desperat.
– Klagene frå gruvemotstandarane er eit siste desperat forsøk på å trenere lovlege vedtak som har gått gjennom omfattande konsekvensutgreiingar der effektane av sjødeponi er grundig vurdert og dokumentert, seier generalsekretær i Norsk Bergindustri, Anita Helene Hall til rikskringkastaren.
(©NPK)