Blei jaga vekk – like etter kom isblokka

Nigardsbreen, sperringar

Nigardsbreen, sperringar Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

No blir det vurdert å sette inn vakthald for å hindre turistane i å leike med livet ved Nigardsbreen.

DEL

Trass fysiske sperringane og åtvarande skilt, går fleire turistar farleg nær Nigarsbreen i Luster kommune.

– Det er ikkje uvanleg at turistar kryssar sperringane. Det som er spesielt skummelt no, er at det har vore ein god del nedfall av is grunna høge temperaturar og smelting, sa Steinar Bruheim, som er leiar for Jostedalen Breførarlag, til Firda tidlegare denne veka.

Den siste veka er det sett opp endå fleire sperringar ved breen, men verken det eller dei mange åtvaringane ser ut til å hjelpe.

Den siste veka er det sett opp endå fleire sperringar ved breen, men verken det eller dei mange åtvaringane ser ut til å hjelpe. Foto:

Sogn Avis har tidlegare denne veka skrive om at fleire isblokker har falle ned frå breen dei siste dagane.

I fjor omkom to turistar som var på tur med borna sine, då dei gjekk forbi sperringa og vart trefte av is då breen kalva.

Onsdag kveld skriv NRK Sogn og Fjordane at det i dag igjen har lausna to store isblokker frå breen, og at dette skjedde i eit område der naturoppsynet like før hadde jaga vekk turistar som trass i dei mange åtvaringane hadde gått forbi sperringane.

Kalving

  • Større eller mindre isstykkjer som brytast laus frå enden av ein isbre.

No vert det vurdert å sette inn vakthald på staden, for å hindre at fleire tar seg forbi sperringane og inn på livsfarleg område.

– Det er livsfarleg. No heng det store blokker i fronten, og det er sprekkar, så vi ser at dei vil komme, seier Inger Moe, naturforvaltar i Luster kommune, til NRK.

Artikkeltags