Politiet sperrar av område etter skred: – Sjøkanten nærmar seg andre bygg

SKRED: Delar av strandsona har rasa ut i Fresvik.

SKRED: Delar av strandsona har rasa ut i Fresvik. Foto:

Politiet sperrar av eit område i Fresvik etter at det gjekk eit skred i strandsona tidlegare i veka.

DEL

SOGN AVIS: – Det har rasa ut ein del massar. Politi, kommunen og geolog har vore på staden, og det er bestemt at området der skredet har gått skal sperrast av, seier Ove Andersen, tenestestadsleiar ved Vik lensmannskontor.

Tok med seg naust

Skredet, som gjekk natt til måndag, er mellom 60 og 70 meter breitt, og fann stad i nærleiken av Fresvik Camping.

– Delar av strandsona har rasa ut og teke med seg eit naust, fortel Ole Petter Ramberg, teknisk sjef i Vik kommune.

– Sjøkanten nærmar seg husa

Politiet fekk melding om skredet tysdag, men reiste først til staden onsdag morgon, etter at geolog hadde vurdert faren for ytterlegare skred.

– Det ligg eit naust og ein del fritidsbustader i nærleiken av der skredet har gått. Sjøkanten nærmar seg desse bygga. I tilfelle det kjem meir, er det bestemt at området skal sperrast av, seier Ramberg.

– Sjao Anette, eit hus flyte i sjøen!

Måndag fekk elevane i Fresvik store auge då vêrfenomen stod på timeplanen. Dei vart nemleg vitne til at naustet, som skredet tok med seg, kom flytande i sjøen.

– Me var på veg utover mot badeplassen då eine eleven braut ut: – Sjao Anette, eit hus flyte i sjøen, fortalde Anette Refsdal, lærar ved Fresvik skule, til Sogn Avis.

Artikkeltags