Dei har festplanane klare for å feire siger i Engebø-saka

Natur og ungdom sin sommarleiren i 2014 blei halden i Fredrikstad, men i sommar kjem dei til Sunnfjord. 
Foto: Tonje Sofie Eriksson

Natur og ungdom sin sommarleiren i 2014 blei halden i Fredrikstad, men i sommar kjem dei til Sunnfjord. Foto: Tonje Sofie Eriksson Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

– Det kjem til å bli dødsbra, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Natur og ungdom, Gjertrud Øvretveit.

Ho ser fram til å vise fjorden til ungdom frå heile landet 4.–9. august. Det er innlysande kva som gjer at dei legg leiren akkurat her, og ho har eit optimistisk syn på kva fokus det blir på Engebø-saka.

– Forhåpentlegvis er saka vunne før den tid så vi kan ha ein stor fest. For no har vi jobba hardt og lenge, og fortener verkeleg ei feiring, seier ho ved godt mot.

Vise fram naturen

Leiar i Natur og Ungdom sentralt, Arnstein Vestre, fortel at Vevring er ein aktuell stad å halda leiren, men etter ei synfaring denne månaden vil dei bestemma seg endeleg.

Han er klar på kva dei vil vise fram for dei 250 ungdommane som er venta til leiren.

– Det blir moglegheit til å sjå naturen, fiske i fjorden, sjå livet. Ja, til å oppleva kva Førdefjorden har å by på når den ikkje er øydelagt av gruveavfall, slår han fast.

Vidare fortel han at programmet er under utarbeiding, men dei vil ha plass til både musikk og debatt, og ønsker å laga ein stor folkefest i Sunnfjord.

Alle var einig

Under landsmøtet i januar blei det vedtatt kvar sommarleiren blir i 2015.

– Landsstyret, som består av oss fylkesleiarar, foreslo at sommarleiren kan haldast ved Førdefjorden. Alle syns det var ein god idé, fortel Øvretveit.

Vestre var seinast i Førde sist torsdag, då han var blant dei som heldt appell etter fakkeltoget mot gruveavfall. Han blei imponert over det lokale engasjementet.

– Det var heilt enormt å sjå den store folkemengda.

Natur og ungdom jobbar hardt mot gruveplanane. Vestre viser til Alta-aksjonen og understrekar at dei vil gå til sivil ulydnad om sjødeponi blir vedtatt.

– Vi har ei aksjonsliste ute, og til no har 500 stykke signert at ein vil gå til sivilt ulydige aksjonar om regjeringa tillèt dumping i ein av dei reinaste fjordane vi har, seier han oppglødd.

Artikkeltags