Han vert ny rovviltkontakt i Nordfjord

Sverre Sæten er ny rovviltkontakt i Nordfjord.

Sverre Sæten er ny rovviltkontakt i Nordfjord. Foto:

NORDFJORD: Sverre Sæten er ny rovviltkontakt i region Nordfjord.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Han tek over jobben etter Ingolf Folven. Det skriv rovviltansvarleg Rein-Arne Golf i ei pressemelding.

Sverre Sæten er 51 år og bur i Stardalen. Han driv mjølkeproduksjon og jobbar i tillegg som røyrleggar.

– Jobben min vert å dokumentere rovviltskadar, eventuelt om det ikkje er det. Elles vert det å sjå over fjellområde som til dømes Strynefjellet og dokumentere rovdyr, seier Sæten, som er ein ivrig friluftsmann og går mykje på ski og toppturar.

Sæten har vore med i rovviltlaget i Sogn og Fjordane sidan starten i 2008. Han var den gong ein av to som skaut den berømte fjærlandsbjørnen.

Artikkeltags