I juni skal fem nye draumeplassar kårast

VANN I FJOR: Ein av vinnarane i fjor var gapahuken til Atløy 4H.

VANN I FJOR: Ein av vinnarane i fjor var gapahuken til Atløy 4H. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

4H arrangerar konkurransen Draumeplassen i år også.

DEL

Konkurransen går ut på å planlegge ein ny naturmøteplass som er open for alle. Dei fem nye vinnarane vil få 100.000 kroner og prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass, premien er støtta av Gjensidigestiftelsen. Alle lokale organisasjonar og lag i Sogn og Fjordane kan sende inn søknad. I fjor var det lokale lag frå Stårheim, Atløy, Førde og Aurland som vann.

– Naturmøteplassane er opne for alle, ligg nær der folk bur og er glimrande plassar til å ha ulike aktivitetar i naturen. Eg håpar mange vil søke om å bli vinnarar dette året, seier regionleiar i 4H Sogn og Fjordane, Åge Avedal i ei pressemelding.

Vil konkurransen skal bli nasjonal

– Eg håpar med tida at Draumeplassen kan bli ein nasjonal konkurranse. Vi har lagt til rette for at ein lett kan realisere lokale idear gjennom økonomisk støtte og ei nettside med eksempel på ulike naturmøteplassar, prosjektverktøy, byggepakkar og teikningar.

Konkurransereglar for Draumeplassen 2018:

-  Plassen skal kunne brukast av alle som vil

- Barn og unge skal vere aktive i heile prosessen

- Vi vektlegg kreativitet og nytenking

- Det er positivt om prosjektet har fleire samarbeidspartar  

- Vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen

- Vi vektlegg plassar som er eigna som læringsarena for natur- og miljøaktivitetar 

- Vi vektlegg søknadar som inkluderer turveg/turstiar og fysisk aktivitet 

Søknadsskjema finn ein på www.naturmøteplass.no

Artikkeltags