– Dei heldt på i minst 15 minutt

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Spekkhoggarflokk leika seg rundt båten til Venke og familien.

DEL

Dei hadde frå før fått ein flott fisketur i Gjelsvika, Venke Nordeide og mannen hennar, saman med sonen og kjærasten. Men på veg tilbake til Kvammen toppa turen seg, då ein flokk spekkhoggarar flokka seg rundt båten deira i leik.

– Fin naturoppleving

– Det var i alle fall fire stykk, og dei var enormt store. Dei leika seg og heldt på i minst 15 minutt. Dette, saman med at det var strålande sol og fint vêr, gjorde at det var ei veldig fin naturoppleving, seier Nordeide.

Ho fortel at ho tidlegare har sett spekkhoggarar på større avstand, men aldri før har ho komme så nær på dei som dette.

Nordeide fortel at det kunne sjå ut som at spekkhoggarane fatta interesse for båten deira, og at dette kanskje var noko av grunnen til at leiken kom så nær.

Glad båten var stor

– Vi filma dei så lenge vi kunne, heilt til mobiltelefonane gjekk tomme for batteri. Dei leika sikkert lenger, men vi ville raskt inn att til land for å sjå kor bra vi fanga dei på film, seier Nordeide.

I møtet med dei majestetiske rovdyra er ho elles glad for at båten deira er nokolunde stor.

– Eg hadde nok vore litt meir skeptisk i ein liten motorbåt, seier ho og ler.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken