– Det er i gang ein lenkeaksjon på Engebø, fortel Anne Line Thingnes Førsund til Firda.

Ho er leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, og er sjølv blant dei som har lenka seg fast til maskineri.

– Eg er no lenka fast til ein bulldosar.

Thingnes Førsund fortel at politiet også skal vere varsla om lenkeaksjonen.

21. april kjøpte Nordic Mining hovudeigedommane som gav dei tilgang til området. Med det starta arbeidet med å klargjere og rigge anleggsplassen. Det vart då sett opp anleggsgjerder.

Det er i dette området det no vert aksjonert.