Gå til sidens hovedinnhold

Natur og ungdom er klare til å lenke seg fast igjen for å stoppe gruveprosjektet

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: – Vi kjem ikkje til å gi oss for Førdefjorden, og denne driftskonesesjonen er nøydd til å bli avslått!

Det skriv Natur og ungdom i ei pressemelding måndag. Då hadde det blitt klart at gruveselskapet Nordic Mining ASA har søkt om driftskonsesjon for Engebø-prosjektet og håpar å starte med byggeaktivitet i 2020.

Natur og ungdom skriv at dei krev at søknaden blir avslått av omsyn til natur og miljø.

– Vi kjem ikkje til å gi oss for Førdefjorden, og denne driftskonsesjonen er nøydd til å bli avslått. All erfaring med dumping av gruveavfall i sjø viser at det har hatt svært negative konsekvensar for livet i fjorden. Dette har vi sett tidlegare både i Jøssingfjorden og i Repparfjorden. Vi kan ikkje la katastrofen gjenta seg, seier sentralstyremedlem Ingebjørg Marie Thorkildsen i Natur og ungdom i pressemeldinga.

Organisasjonen meiner miljøkonsekvensane av gruveprosjektet er så store at Direktoratet for mineralforvaltning ikkje kan godkjenne søknaden frå Nordic Mining.

– Vi kan ikkje risikere øydelegging av natur for kortsiktig profitt, seier Thorkildsen.

I februar 2016 aksjonerte rundt 100 personar frå Natur og ungdom mot Nordic Mining si prøveboring på Engebøfjellet. Mellom anna stengde dei vegen og lenka seg fast til maskinene til gruveselskapet. Det enda med at 80 aksjonistar fekk bøter på 12.000 kroner for sivil ulydnad frå politiet.

Les også

Fekk opp til 24.000 i bot

No skriv Natur og Ungdom at motstanden mot det dei kallar miljøfiendtlege gruveprosjekt berre har auka sidan, og hevdar at nesten 3000 personar har sagt seg villige til å lenke seg fast for å stoppe gruveprosjektet.

– I 2016 viste vi at vi kunne stoppe gruveprosjektet over tid, og då var det i underkant av 100 aksjonistar. No har fleire tusen sagt seg villige til å bruke sivil ulydnad for å stoppe prosjektet, og om gruva blir forsøkt starta opp med gruvedumping i fjorden vil vi aksjonere igjen, seier nestleiar Jørgen Næss Karlsen i Natur og ungdom.

Les også

Droppar rettssak mot aksjonistane

Les også

Gruva får seksti færre arbeidsplassar, og 21 år kortare driftstid enn tenkt

Les også

Gruveaksjonistane får ein halv million i julegåve

Les også

Nordic Mining: – Vi er eit stort steg nærmare realisering

Les også

Martin og 45 andre gruveaksjonistar må møte i retten

Kommentarer til denne saken