Såg ulven stupe i fjorden – rodde etter

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Hytteturisten Rita Hjorteset fekk seg litt av ei overrasking då ho var ute og rodde i Storefjorden i Hyen laurdags morgon.

Det var Firda Tidend som først omtalte saka.

– Plutseleg såg eg eit dyr som stupte ut i vatnet like ved der eg var med båten. Då blei eg nysgjerrig og rodde nærmare, seier Hjorteset. Namnet stammar frå Hyen, men ho sjølv er busett i Oslo.

Viste seg å vere ulv

Opplevinga ho hadde i vente, var ei naturoppleving av dei sjeldne.

– Eg kom meg litt nærmare, før dyret forsvann opp på land. Då måtte eg ro så fort eg greidde rundt bergknausen dyret gjekk i land på. Men då eg kom rundt greidde eg å ro meg fram til eg var litt over ei årelengde ifrå, seier Hjorteset.

– Dyret som sumde framfor meg var ein ulv. Det er eg heilt sikker på, seier Hjorteset.

Sprang på land

Ifølgje Hjorteset rodde ho seg opp på sida til dyret, men forsøka på å komme framfor vart avskorne av at dyret forsøkte å snu seg.

– Men eg gav meg fort på det. Eg ville ikkje stresse dyret, så eg la båten litt bak. Då dyret gjekk i land ved Svoene ved Eimhjellen, såg eg kor stort det var. I mine auge såg det ut som eit flott ungdyr, med lange kraftige bein og grå og brun pels, seier Hjorteset.

Ho var på hytta på det dei kallar Hytteholmen ved Nesholmen saman med ei venninne. Men det var berre Hjorteset som var i båten du ulven la på svøm.

– Dessverre hadde eg ikkje med meg mobiltelefonen så eg kunne filme det heile. Eg brukar å legge frå meg den når eg er på hytta. Eg visste jo ikkje at det skulle komme ein ulv stupande, seier ho og ler.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken