For mykje snø for sauene

Sauebønde

Sauebønde Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Rekordmykje snø gjer at bøndene ikkje kan sleppe sauene til fjells

DEL

– I fjor på denne tida var sauene allereie i ute i marka og fjellet på beite. Det er nok framleis mange veker til vi kan sleppe dei enno, seier sauebonden frå Askvoll, Gunnar Osland.

Han er ein av dei mange bøndene som må vente med å sleppe sauene til fjells. Grunnen er rekordmykje snø og kaldt vêr.

– Ein ting er at det er mykje snø i fjellet. Ein anna ting er at det har vore ein kald vår og det er ikkje finst mat til sauene i utmarka heller, seier Osland og fortel at normalt sett slepp dei sauene i midten av mai.

Gunnar Osland   Askvoll     Venstre

Gunnar Osland Askvoll Venstre Foto:

Les også: Her snør det, 22. mai

– Slikt blir det jo konsekvensar av. Bøndene må fôre sauene lenger og må ha dei gåande på bøen. Då får vi ikkje slått graset og som igjen går ut over avlinga, seier bonden og sender tankane til sauebøndene lenger inne i fjordane.

– Rekordmykje snø

Brigt Samdal, regionsjef for NVE, kan opplyse om at det i år er meir snø i fjella enn Vestlandet nokon gong har hatt.

– Det er rekord mykje snø. Ein lang og kald vår gjer det heller ikkje betre og eg er stygt redd for at faren for flaum aukar kvar dag.

Den store snøpakken som ligg i fjella, spesielt i indre og midtre strøk, har fått ligge lenge i det usedvanleg kalde vêret. Eit brått temperaturskifte og ein sterk snøsmelting er ikkje ønskeleg, sjølv om Samdal ser at snøen spara problem for bøndene.

– Til og med langs kysten ser vi at om ein berre kjem eit par hundre meter opp i fjella, så ligg snøen der. På havnivå er våren starta for fullt, men den er seinare enn andre år.

Brigt Samdal, NVE

Brigt Samdal, NVE Foto:

Artikkeltags