Gå til sidens hovedinnhold

Du verdas beste, så søtt det smakte

Artikkelen er over 6 år gammel

Harald Kvame (H) kunne ikkje fått ei større bursdagsgåve.

At gruve-ja og utsleppsløyve for sjødeponi kom same dag som Harald Kvame fylte 63 år, blei feira med kake på kommunehuset i Naustdal fredag.

– Vi feirar vedtaket i ei sak eg har engasjert meg i lenge. Og så har eg bursdag. Difor ville eg spandere, seier varaordføraren.

Kvame har engasjert seg i gruvesaka sidan 1983. Dei siste 12 åra som politikar i Høgre.

– Det er dette vi har jobba for heile vegen. Det er næringsutvikling som får ringverknadar i Vevring, Sunnfjord og landet. Å få denne stadfestinga frå regjeringa gjer meg veldig glad, seier Kvame som likevel understrekar at feiringa er ei markering, ikkje ei storfeiring.

Viktig for miljøkrava

Han er oppteken av å understreke at han har stor kjensle for meiningsmotstandarane i dag.

– Motstandarane sitt engasjement har gjort miljøkrava høgare. Dei har gjort ein kjempejobb, seier Høgre-mannen.

Trur på folkevekst

Etter kakefeiringa var det duka for pressekonferanse for Høgre og Frp i kommunestyresalen.

– Gratulerer! Dette har vi venta på i mange år, sa Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp på fylkestinget, til forsamlinga.

Både han og fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, er opptekne av arbeidsplassane og verdiskapinga gruvedrifta vil føre med seg.

– Eg er sikker på at Mongstad og Engebø kan jamstillast med tanke på arbeidsplassar og utvikling i området. Her har vi moglegheit til å fokusere på dei opptil 300 nye arbeidsplassane. Vi må ikkje grave oss ned i at vi taper statlege arbeidsplassar, sa Mjømen.

Djuvik er sikker på at prosjektet vil bidra til positiv folketalsvekst.

– Det handlar om verdiskaping og millionvis av kroner. Det er eit prosjekt vi treng. Og ein skal ta innvendingane på alvor. Det har regjeringa gjort, seier Djuvik.

Kjenner ingen bismak

– Er det berre jubel i dag, og ingen kjensle av at det kan gå gale med sjødeponi i Førdefjorden?

– Det er verdas strengaste utsleppsløyve som er gitt. Risikoen er så minimal som mogleg. Skulle ein vore 100 prosent sikker i all industriutvikling, hadde vi ikkje hatt den velstanden og velferda vi har i Norge i dag, seier Djuvik som meiner deponiet ikkje skal gå ut over andre næringar.

Verken Arve Mjømen eller Harald Kvame kjenner på bismaken av risikoen ved sjødeponi.

– Eg er overbevist om at når Fiskeridepartementet seier ja, så er miljøinteressene godt i varetatt, seier Mjømen.  

No startar jobben med å legge til rette for industriutbygginga.

Kommentarer til denne saken