Gå til sidens hovedinnhold

Nattestenger fleire fylkesvegar grunna fare for ras

Statens vegvesen kom laurdag med ei mengde meldingar om vegstengingar. Fleire stader i landet skaper også uvêret utfordringar.

Som perler på ei snor kom meldingane frå Vegtrafikksentralen Vest laurdag ettermiddag, alle med lik ordlyd:

Frå klokka 20.00 laurdag kveld vil fleire fylkesvegar bli stengde. Årsaka er rasfare grunna uvêr.

Dei vegane som er meldt nattestengde er:

Fv. 5637 Skjolden-Urnes

Fv. 5641 Hafslo–Veitastrond

Fv. 5606 Ulvestad–Menes

Fv. 5600 Vik–Arnafjord blir nattestengd frå klokka 18 laurdag.

Fv. 55 Dragsvik–Balestrand blir nattestengd frå klokka 22 laurdag.

Seinare laurdag kom det melding om at også rv. 13 Vikafjellet blir stengt frå klokka 22.00.

Oppfordrar folk til å skaffe seg oversikt

Vegane i vårt fylke er primært i Sogn, men Vegvesenet melder vidare i ei pressemelding at vintervêret gir utfordringar i trafikken i fleire landsdelar laurdag.

Dei oppfordrar diforalle som skal ut på vegene om å skaffe seg oversikt over køyreforhold og eventuelle stengde vegar før dei køyrer.

Dei fortel at snøskredfaren også er gjeldande Nord i landet, og at fleire vegar har kolonnekøyring og stor fare for stenging på kort varsel. Fleire ferjesamband er også innstilt i landsdelen. Søndag er det venta underkjølt regn på Helgeland og i Salten.

Vikafjellet først stengd grunna ras

I vest har fleire vegar vore stengt på grunn av snøras laurdag. Vegane skal no være rydda. Rv. 13 Vikafjellet vil vere stengt frå klokka 22.00 laurdag kveld. Også dette grunna rasfare, som nemnt i lista over nattestengde vegar.

I Trøndelag har det tidlegare laurdag vore glatte vegar ei rekke stadar på grunna underkjølt regn. No har vêret i Trøndelag endra seg til det bedre, og det er gjort tiltak som strøing og salting som har hatt god effekt.

Kommentarer til denne saken