Natt til laurdag: To unge menn i slagsmål, annan ung mann råkøyrde

DEL

Natt til søndag måtte politiet bryte opp eit slagsmål på Festplassen i Førde.

– Vi fekk melding om pågåande slagsmål der to personar var involverte. Ingen av dei vart alvorleg skada, det var snakk om skrubbsår og småskadar, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen.

Dette skjedde ti over to natt til søndag. Det var mykje folk på Festplassen då politiet kom fram. Knappen seier det var fleire uavhengige situasjonar der og ganske amper stemning på staden.

Dei to involverte i slagsmålet var begge unge menn under 20 år. Ein av dei var mindreårig, men det var den eldste av dei som var den mest aktive part i slagsmålet, ifølge Knappen, som understrekar at ingen av dei involverte var russ.

Ein av dei vart køyrt til legevakta for sjekk.

Kamphanane fekk pålegg om å forlate staden, medan resten av festlyden sendt i marsj vekk.

Ung mann køyrde svært fort i 60-sone

Vel ein time seinare enn slagsmålet stoppa det lokale politiet ein annan mann under 20 år. ti

Han køyrde 100 kilometer i timen i ei 60-sone. Dette skjedde i ein laserkontroll klokka 03.07.

– Han fekk førarkortet beslaglagt og vart politimeldt for dette, seier Knappen.


Artikkeltags