– Tryggingstenesta har avslørt konkrete planar for å slå ut delar av det norske kraftnettet, seier assisterande direktør i Nasjonalt tryggingsorgan.

Det melder Teknisk Ukeblad.

– Det finst neppe noko anna livsviktig verksemd, der samfunnet kan lammast i lang tid med enkle midlar, åtvarar Vigdis Grønhaug, som er assisterande direktør i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

Åtvaringa kom då Grønhaug talte til kraftbransjen under NVEs Energidagar torsdag.

– Kraftnettet er eit mål for sabotasje og vilja handlingar. Kraftbransjen er noko av det mest verdifulle vi har, sa Grønhaug.

Ho meiner bransjen mellom anna må spørje seg om kor mange russarar som jobbar i kraftsektoren i Noreg i dag, og kor mykje kinesisk teknologi som blir nytta.

– Vi veit at det jobbar russarar der. Dei er jo då ein innsidetrussel. Dei kan lett få tilgang på informasjon om dei viktigaste verdiane i kraftsektoren, som kan utnyttast av Russland. Det er den store risikoen, seier Grønhaug til Teknisk Ukeblad.

Kristian Markegård, ansvarleg for tryggleik i kraftforsyninga i NVE, meiner på den andre sida at Noreg har ei robustheit i kraftforsyninga som mange vil misunne oss.

– Det finst ikkje éin brytar som tek ut kraftsystemet vårt, heller ikkje deler av det. Vi har redundans, godt nett og god beredskap. Vi har også bemanna driftssentralar som vil oppdage uregelmessigheiter, sa Markegård i innlegget sitt.

(©NPK)