Gå til sidens hovedinnhold

Nasjonale korona-tiltak held fram: Innreise-reglane blir strengare

Regjeringa vidarefører tiltak for å få ned smitten og hindre at den meir smittsame virusvarianten spreier seg. Dei nasjonale tiltaka som blei innført 18. januar, skal no gjelde til midten av februar.

Det opplyser regjeringa laurdag.

– Dei nasjonale tiltaka har effekt, og vi ser at smitten går ned i Norge. Men vi må ytterlegare ned og kan ikkje ta nokon sjansar som fører til at dei meir smittsame virusvariantane spreier seg. Derfor vidarefører vi dei nasjonale tiltaka fram til midten av februar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Strengare på grensa

Det blir samstundes innført ytterlegare innstrammingar i innreisereglane. Til no har attest på gjennomgått covid-19 gitt unnatak for testing på grensa, kravet om negativt test og innreisekarantene. På grunn av problem med falske attestar, blir desse unnataka no avskaffa.

Dette trer i kraft ved midnatt natt til søndag 31. januar. Frå då må alle som skal inn i landet ta test og vere i innreisekarantene, med mindre dei har norsk attest på at dei allereie har hatt korona.

Les også

Verftet i Hyllestad er på ny råka av koronasituasjonen: – Det er klart eg er bekymra

Lette på Austlandet

23. januar blei det innført svært strenge tiltak i ti kommunar på Austlandet, og strenge tiltak i 15 nærliggande kommunar dagen etter, for å hindre at den meir smittsame virusvarianten spreier seg på Austlandet.

Frå onsdag 3. februar blir tiltaka for dei sentrale austlandskommunane endra, og vil omfatte færre kommunar. Hovudsakleg vil letta gjelde skule, barnehagar, organisert fritidsaktivitet for barn og unge. Les meir om situasjonen på Austlandet her.

Les også

Norge stenger i praksis grensa

Kommentarer til denne saken