Nasjonal rassikringsgruppe vil ha eigen tiltakspakke for fylkesvegar

INGA TID Å MISTE: – Behovet er så omfattande at det er svært vanskeleg for fylkeskommunane å planleggje investering og drift ut frå dei rammene ein i dag disponerer, seier leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling (Sp).

INGA TID Å MISTE: – Behovet er så omfattande at det er svært vanskeleg for fylkeskommunane å planleggje investering og drift ut frå dei rammene ein i dag disponerer, seier leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling (Sp). Foto:

Av

Nasjonal rassikringsgruppe ber om at regjeringa legg fram ein eigen tiltakspakke for rassikring av fylkesvegnettet i Noreg.

DEL

I brevet til samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) ønskjer Nasjonal rassikringsgruppe tiltakspakken «for å komme raskt i gang med prosjekter som er klare for å starte opp innenfor en relativt kort tidshorisont».

– Vi har inga tid å miste når det gjeld å sikre mot skred og ras langs vegnettet vårt. Behovet er så omfattande at det er svært vanskeleg for fylkeskommunane å planleggje investering og drift ut frå dei rammene ein i dag disponerer, seier leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling (Sp).

– Storleiken på tiltakspakken til våre rasutsette fylkesvegar bør spegle behova i kvart enkelt fylke, heiter det i brevet.

Gruppa ønskjer at Samferdselsdepartementet skal gå i direkte dialog med fylkeskommunane Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland og Innlandet.

Artikkeltags