Det har bygd seg opp ein sterk motstand mot vindkraft på land. Til og med i det som ein gong var eit viktig næringsparti, Arbeiderpartiet, er det no sterk motstand. Me ser det tydeleg i Sunnfjord. Tydlegast ser me det i det nye protestpartiet Industri- og Næringspartiet. Dei har gjort det til hovudsak å kjempe mot vindkraft både på land og i havet.

Kva skjedde? Det er ikkje mange år sidan haldninga til vindkraft på land var positiv. Også blant politikarane. Så, i takt med at energibehovet blir stadig større, aukar altså motstanden. Det er eit stort og farleg paradoks slik eg ser det. Politikarane snur kappa etter vinden.

Kjell Werner seier det slik til FriFagbevegelse: «Det kreves ryggrad til å stå i stormkast. Viljeløse værhaner har vi nok av.» Som om eg skulle ha sagt det sjølv!

Den bedrifta som brukar mest kraft i Norge produserer, i følgje ein artikkel på NRK Vestfold og Telemark, 40% av all aluminium som vert brukt i Europa. Industrigiganten er ein av dei største straumforbrukarane i Norge.

Hydro går no klart ut og seier at industrien på kort sikt er avhengig av vindraft på land, saman med solenergi og vasskraft. Havvind vil kome først etter 2030 seier konsernsjefen Hilde Merete Aasheim. Ho ber lokalpolitikarane om å ta ansvar for industriarbeidsplassane.

Men så har vi altså lokalpolitikarar frå to næringsparti (!) i Sunnfjord som jobbar aktivt mot vindraft på land. Felles for dei er at dei peikar på alternativ som ikkje monnar. Vi kjem ikkje utanom utbygging av vindkraft på land om vi skal få fart på det grøne skiftet, skape framtida sine arbeidsplassar og sikre levedyktige lokalsamfunn.

Rett skal vere rett. Me veit endå ikkje kva Sunnfjord Ap meiner om vindkraft på Snøheia. Men det me veit at det er betydeleg motstand i partiet. Enkeltpersonar i Sunnfjord Ap profilerer seg sterkt på dette.

Eg må seie eg er lite optimistisk for framtida når eg no ser kva politikarar som vart valde inn i kommunestyra. Fleire av dei gir industrigiganten Hydro, og andre som vil satse på grønt næringsliv framover, ei kald skulder.

Kjelder:

Hydro advarer mot vindkraftmotstand - Industripartiet kjemper mot.

Motstanden mot vindkraft øker. Flere politikere snur kappa etter vinden.

Les også

Hydros motiv er å utvikle norsk industri