Det viser ein fersk statistikk frå analyseselskapet Lindorff Decision. Det eksisterer totalt 20.560 føretak i Sogn og Fjordane
– Det er stor forskjell på landsbasis når det gjeld næringstettleiken. Ein høg del føretak kan bety at forholda ligg til rette for privat initiativ i nærområdet, noko som er viktig for framtidig verdiskaping i området, seier Tore Andresen, administrerande direktør i Lindorff Decision.
- Lovar god for økonomien
Han er imponert over den høge føretakstettleiken i Sogn og Fjordane.
– Det ligg mykje nytenking og vilje hos innbyggjarane i fylket. Når vi samtidig veit at både privatpersonar og bedrifter i Sogn og Fjordane ligg i norgestoppen når det gjelder å ha orden på økonomien, tykkje eg det ser veldig lovande ut for fylkets økonomiske framtid, seier Andresen.
Lindorff Decision kårar landets 50 mest næringsrike kommunar, og fylka Oppland og Nord-Trøndelag er representert med heile sju kommunar kvar. Buskerud har seks kommunar på lista, Sogn og Fjordane fem, mens Sør-Trøndelag og Nordland er representert med fire kommunar.
Men Årdal dårlegast i landet
Med heile 77 føretak fordelt på sine 175 innbyggjarar, tronar småkommunen Utsira i Rogaland øvst på lista.
I Sogn og Fjordane er det Solund som har størst næringstettleik, etterfølgt av Gloppen, Gaular, Hornindal og Jølster. Alle fem har over 29 føretak per 100 innbyggjarar. Dårlegast av alle kommunar i Norge er Årdal med berre 9,7 føretak per 100 innbyggjarar.
Den ferske undersøkinga syner ikkje uventa at dei største føretaka i landet er konsentrert rundt dei største byane, med Oslo på topp.