– Dei tilsette er sterkt kritiske til DnB Nor, som nyleg tok imot krisepakke frå regjeringa, men svarar med å stengje kontoen til Fundo.
Tillitsvald Erik Flæthe er ikkje nådig mot banken, som i går stengde pengeflyten i felgprodusenten Fundo Wheels i Høyanger sine kontoar, skriv Firda fredag.
– Liten hjelp i krisepakke
– Eg og mange tilsette er irriterte på DnB Nor, som nyleg tok imot så mykje av skattebetalaranes pengar i form av krisepakke frå staten, men dei klarar ikkje å sørgje for at vi har eit nokolunde fungerande næringsliv, seier Flæthe, og legg til:
– Det vert spennande å sjå kor mykje bonus dei klarar å dra ut i år.
Den tillitsvalde er kritisk til både regjeringas og bankanes handtering av finanskrisa.
Ventar framleis på løn
– Viss andre bedrifter i vår situasjon vert behandla på same måte, så har ikkje krisepakka til bankane hjelpt næringslivet i alle fall. Regjeringa er seindrektig og viser gjerne til Innovasjon Norge, som har fått ekstra pengar, men som seier dei ikkje har nye reglar å halde seg til, og dermed kan dei ikkje hjelpe bedrifter som er råka av finanskrisa.
Flæthe meiner banken no sviktar moralsk. Dessutan stiller han spørsmål ved om banken ved å sperre kontoane til Fundo gjer seg skuldig i forfordeling mellom kreditorane, i tilfelle Fundo går konkurs.
Fundo-tilsette har venta i nærare to veker på lønna si.
DNB Nor: – Banken har strekt seg langt
– Bakgrunnen for at vi har stengt kontoen og ikkje overfører løna, er at bedrifta har brote vilkåra for kreditt. Banken har vore konstruktiv og strekt seg langt for å finne løysingar som vil vere gode for bedrifta, seier informasjonsdirektør Morten Skauge i DnB Nor.
Skauge er samd i at dei statlege tiltaka til banknæringa i haust skal bidra til at bankane skal kunne låne ut pengar til bedrifter.
– Men banken skal tilby kreditt og ikkje gå inn på eigarsida. Det som er avgjerande for at dei skal kunne halde fram på Fundo, er at eigarane er villige til å gå inn med kapital, noko eg forstår at dei ikkje har vore villige til, seier Skauge, som meiner det ville vere uansvarleg av banken å halde fram med å gi kreditt når bedrifta bryt vilkåra.
– Vi kan ikkje hive alle våre prinsipp for god bankdrift over bord. Selskapet har ikkje vore villig til å imøtegå vilkår frå kreditorane.
– Flæthe stiller spørsmål om banken forfordelar kreditorar i tilfelle Fundo vert slege konkurs.
– Det vert ein hypotetisk problemstilling og det vil eg ikkje spekulere i.