Er du lei av lang ventetid hos fastlegen? No lanserer eit ektepar frå havgapet ytst i Sognefjorden ei heilt ny nett-teneste kor du kan bli konsultert av legar i løpet av få minutt.

Gründerpar frå vest

Bak lege.no står Gulen-gründarane Linn Dyveke og Njål Wilberg, som tidlegare har lansert mellom anna SMS-søketenesta AskADAM og musikkstreamingtenesta Beat.

No er paret også klare for å lansere ei banebrytande helseteneste på nett.

- Per i dag finst er det ingen gode måtar å søke trygg, rett og korrekt helseinformasjon tilpassa pasienten sin ståstad på nettet. Ein finn mykje informasjon om diverse sjukdommar og plager, men det er svært vanskeleg for folk å finne fram i denne jungelen. Slik finn ein like gjerne fram til ein misvisande artikkel som kan gjere pasientar meir engstelege enn nødvendig, seier Linn Dyveke Wilberg.

Lanserast i dag

Det nye tilbodet vert lansert torsdag 1. mars klokka 12.00 og kan nåast på adressa www.lege.no.

Den første veka vil tenesta vere gratis, slik at alle som ønskjer kan få teste den. Seinare vil ein måtte betale 299 kroner for kvar konsultasjon.

LIVE-chat

Wilberg seier vidare i ei pressemelding at lege.no ønskjer å kunne vere eit supplement til fastlegetenesta.

- Svært mange legar har avgrensa tilgjengelegheit på telefon og ventetida på time kan vere lang. Lege.no har knytt til seg fleire dyktige legar som no sitt klare på nettet når brukaren loggar seg på, fortel ho.

Sjølve sesjonen mellom pasient og lege varer i inntil 20 minutt og er i utgangspunktet lagt opp som ein LIVE-chat. Det er mogleg å sende bilete direkte til legen under sesjonen over nettet.

Det heile skal føregå over sikre koplingar som sørger for at personvernet vert ivareteke. Etter avslutta sesjon, kan pasienten velje å laste ned ein elektronisk kopi av konsultasjonen. Lege.no garanterer forøvrig for anonymiteten til brukarane, og lovar at alle konsultasjonar vert sletta ein time etter at konsultasjonen er avslutta.

Solveig Daae Kristiansen frå Hundvin er tilsett som dagleg leiar i det nyetablerte selskapet. Ho har mastergrad i marknadsføring frå England og gler seg til å møte nye utfordringar i lege.no.