Taper seks mill. på dårleg veg

Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i Lerum AS.

Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i Lerum AS. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Vegstandarden på Vestlandet kostar sognebedrift dyrt.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dårleg vegstandard på Vestlandet påfører saft- og syltetøyprodusenten Lerum nærmare seks millionar kroner årleg i ekstra avgifter og kostnader.

Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i Lerum AS la på Vestlandskonferansen tysdag fram tal som illustrerer kor dyrt det er å drive transportavhengig verksemd på Vestlandet.

Lerum AS har gjort målingar som viser at selskapet sine vogntog i gjennomsnitt brukar 1,33 liter meir drivstoff på mila på ein rundtur på Vestlandet, enn på ein transportetappe tur-retur Oslo.

– Det viser nokre av dei utfordringane vi har med vegar på Vestlandet. Vi må over fjordar og fjell med vogntog som blir utsette for stor slitasje og som brukar mykje drivstoff. Våre transportkostnader utgjer ni prosent av omsetnaden, seier Lerum Hjellhaug.

Til samanlikning ligg dei totale transportkostnadene i Europa på rundt 2,2 prosent av omsetnaden.

For Lerum AS er dei årlege transportkostnadane 35 til 40 millionar kroner. Totalt kunne Lerum spart nærmare seks millionar kroner årleg i transportkostnader på å flytte bedrifta til sentrale strøk.

Artikkeltags