Bedriftseigarar i Sogn og Fjordane er vestlandets mest optimistiske

FLEIRE TURISTAR: Ein låg kronekurs fører til at ein kan forvente ein god turistsesong i 2018. Foto frå nyopninga av stien opp Lundeskaret i Jølster.

FLEIRE TURISTAR: Ein låg kronekurs fører til at ein kan forvente ein god turistsesong i 2018. Foto frå nyopninga av stien opp Lundeskaret i Jølster. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Vestlandsindeksen for første kvartal i 2018 syner at næringslivet trur på vekst og fleire arbeidsplassar framover.

DEL

Sparebanken Vest si undersøking Vestlandsindeksen spør 700 bedriftseigarar på Vestlandet om kvartalsvis resultat og forventningar for neste kvartal.

Sjølv om resultatindeksen frå første kvartal i 2018 syner at nedgangen dei siste kvartala held fram, ser bedriftseigarane meir lyst på framtida enn på lenge. Forventningsindeksen aukar for andre kvartal på rad, og den er no på det høgaste nivået den har vore sidan andre kvartal i 2013.

Ventar meir turisme

Indeksen syner at optimismen i Sogn og Fjordane er høgare enn nokon sinne før. I forventingsindeksen når fylket sitt høgaste nivå i indeksen si historie. Sist kvartal var den på 64,3, no er den på 69,7.

Jamt over viser underindeksen «sysselsetting» at fylka på vestlandet forventar å tilsette fleire. Denne trenden er spesielt synleg i Sogn og Fjordane.

Sparebanken Vest skriv i ei pressemelding at utviklinga fell saman med framtidsutsiktene i overnattings- og serveringsnæringa. Ei svak krone bidreg til at ein forventar ei god høgsesong for turisme i 2018.

Eigedomsbransjen negative

Dei einaste næringane som har justert ned forventningane dette kvartalet, er eigedom- og finansnæringa.

Det kan vere grunna nedbremsinga i bustadmarknaden. Resultatindeksen syner òg konsekvensane av ein treigare bustadmarknad. Resultatindeksen har gått ned frå 61,0 sist kvartal, til 60,3 dette kvartalet. Bygg- og anleggsbransjen er av dei næringane som bidreg til den negative utviklinga.

Av dei som har både betre resultat- og forventningsindeks enn føregåande kvartal, er petroleumsnæringa. Auka oljeprisar og ei lav kronekurs, som gjer næringa betre konkurransevilkår, kan vere av grunnane til dette, melder Sparebanken Vest.

Artikkeltags