Frå Fjord1 til ny sjefsjobb

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren.

Artikkelen er over 3 år gammel

Dagfinn Neteland blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren.

DEL

Dagfinn Neteland (56) blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren frå og med 15. august. Neteland kjem frå stillinga som administrerande direktør i Fjord1.

I ei pressemelding skriv selskapet at dei er svært nøgde med tilsettinga.

Les også: Han sa opp i protest, men fekk 2,2 millionar, og Heile Fjord1-styret og direktøren går

– Vi er svært fornøgd med at vi har fått ein erfaren leiar med stort engasjement og energi, seier Tore Thorstensen, administrerande direktør i KB Gruppen og styreleiar i Vestlandsentreprenøren i pressemeldinga.

Vestlandsentreprenøren vil i 2016 nærme seg ei omsetning på ein milliard der mesteparten er innanfor drift- og vedlikehald av statlege og kommunale vegar mens anleggsverksemda vil stå for resterande.

Artikkeltags