Skrik etter elkraftingeniørar

- Energibransjen i fylket har estimert eit rekrutteringsbehov berre i Sogn og Fjordane på 110?120 elkraftingeniørar dei komande 10 åra, seier nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase (biletet).

- Energibransjen i fylket har estimert eit rekrutteringsbehov berre i Sogn og Fjordane på 110?120 elkraftingeniørar dei komande 10 åra, seier nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase (biletet). Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Energibransjen omfamnar ny elkraftutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

DEL

Dei neste åra vil energibransjen i fylket trenge mellom 110 og 120 elkraftingeniørar. Dei ventar fleire utfordringar, som dei med "Dagmar" i julehelga, i framtida.

– Rekruttering av personell med spisskompetanse innan elkraft vil vere avgjerande for å vidareutvikle ei robust energiforsyning i samfunnet, skriv Sogn og Fjordane Energi (SFE) i ei pressemelding onsdag.

Rekruttering må til

Onsdag skal det vere ein presentasjon ved høgskulen som fortel om planane for ny elkraftutdanning ved høgskulen.

Og SFE ser at dei i framtida òg vil få utfordringar med nyrekruttering. Derfor er dei glade for den nye utdanninga. Naturleg avgang utan aktiv nyrekruttering trugar samfunnsoppdraget, meiner dei.

– Vi ser ein trong for auka rekruttering som følgje av ei stadig sterkare satsing på utbygging av fornybar energi, heiter det i pressemeldinga.

– Energibransjen i fylket har estimert eit rekrutteringsbehov berre i Sogn og Fjordane på 110–120 elkraftingeniørar dei komande 10 åra, og mange av desse vil få utfordrande oppgåver knytt til den store satsinga på utbygging av fornybar energi, seier Asgeir Aase, nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi, i pressemeldinga.

Lovar spenning

Sogn og Fjordane Energi lovar at elkraftingeniørane vil få svært spennande oppgåver i høve planlegging, prosjektering og operativt arbeid på nye installasjonar og infrastrukturen elles.

Dei håpar no at nytt studium skal lette trykket, og både Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi vil vere ein aktiv pådrivar for utdanninga.

Kandidatar som går ut frå studiet vil ha tittelen "Ingeniør Elektro – energi, elkraft og miljø".

Energiselskapa vil bidra med finansiering og fagleg innhald i studiet, mellom anna med utlån av eigne fagtilsette og deira kompetanse og erfaring i undervisninga, skriv selskapet.

Artikkeltags